Apostelen Tomas

(Omdirigert frå Apostelen Thomas)

Tomas (òg skrive Thomas) var ein av dei tolv disiplane eller læresveinane til Jesus. Han er også kalla «tvilaren» ettersom han tvilte på at Jesus hadde stått opp frå dei daude. Tomas blei seinare ein av dei kristne apostlane, og er ofte omtala som Apostelen Tomas. Tomas tyder 'tvilling' på arameisk, og namnet har òg vorte omsett med det greske Didymos.

Apostelen Tomas

Mosaikk av Tomas.
Fødd1. hundreåret
FødestadGalilea
Daud3. juli 72
DødsstadMayilappur
Yrkemisjonær
Helgendag3. juli, Den romersk-katolske kyrkja, 6. oktober, Ortodoks kristendom

Tomas har fleire festdagar. I ortodoks kristendom feirar ein han 6. oktober og første søndag etter første påskedag. I den katolske kyrkja har han festdag 3. juli. Tidlegare var den katolske feiringa den 21. desember. Denne siste datoen er tradisjonelt kjend som Tomasmesse i Noreg.

Tomasevangeliet og Barneevangeliet etter Tomas er tillagt apostelen.

Forteljingar om Tomas endre

 
Thomas tvilaren (1601) av Caravaggio viser den tvilande apostelen med fingeren i såret i sida til Jesus.

Tomas er omtalt i Nytestamentet og i dei apokryfe Tomasaktene. I Bibelen blir det fortalt at Thomas tvilte første gongen han trefte Jesus etter at Jesus stod opp frå dei daude. Då Jesus viste han såra på hendene og føtene, vart han overtydd. Tomasaktene, nedskrivne på 300-talet, fortel om underverk Tomas gjorde som apostel i India.

 
Grava til Tomas i Chennai i India.

Tradisjonen fortel deretter at han virka som forkynnar og apostel i Persia og India. Den gamle ortodokse Malankarakyrkja i Kerala sør i India reknar såleis Tomas som sin apostel, og dei kristne der blir gjerne kalla «tomaskristne». Relikviane etter han skal vere i St. Thomas-katedralen i Mylapore utanfor Chennai i India, ein stad som i lang tid har vore pilegrimsmål for kristne. Òg i Den syriske ortodokse kyrkja spelar apostelen Tomas ei viktig rolle.

Ifølgje gammal munnleg tradisjon, vart Tomas drepen 3. juli år 72, ved å bli stukken ned med ei lanse eller eit spyd frå bakhald av ein heidning. I kyrkjekunsten blir apostlane tradisjonelt framstilte med kvart sitt attributt, ein gjenstand som vanlegvis viser til måten dei døydde på. Apostelen Thomas sitt attributt er ein vinkelhake eller lanse.

Vernehelgen endre

I katolsk tradisjon er Thomas vernehelgen for India, Pakistan, Portugal, Saint Thomas, Goa, Vatikanstaten, Urbino, Parma og Riga, arkitektar, bygningsarbeidarar, landmålarar, tømmermenn, murarar, steinhoggarar og teologar. Han skal kunna påkallast mot blindheit, ved ryggsmerter og for eit godt ekteskap.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre