Arabella Kiesbauer

Cosima Arabella-Asereba Kiesbauer (fødd 8. april 1969 i Wien), kjend som Arabella Kiesbauer, er ein tysk-ghanesisk-austerriksk programleiar, forfattar og modell. Ho er dotter av den tyske skodespelaren Hannelore Kiesbauer og den ghanesiske ingeniøren Sammy Ammissah, men vaks opp med bestemoren i Wien etter at foreldra vart separerte.

Arabella Kiesbauer

Arabella Kiesbauer (t.v.), Mirjam Weichselbraun (midten) og Alice Tumler (t.h.)
Fødd8. april 1969
FødestadWien i Austerrike
FødenamnCosima Arabella-Asereba Kiesbauer
AliasArabella Kiesbauer
OpphavTyskland
Aktiv1989–
Verka somProgramleiar, forfattar og modell
PrisarRomy, Bayerns fjernsynspris

9. juni 1995 var ho målet for eit bombeangrep då den austerrikske terroristen Franz Fuchs sendte ei brevbombe til ProSieben-studioet der ho arbeidde.[1][2] Assistenten hennar, som opna brevet, vart skadd av bomba.[1][2]

Eurovision

endre

Eurovision Song Contest 2015

endre

På ein pressekonferanse 19. desember 2014 vart Kiesbauer presentert av Österreichischer Rundfunk som ein av programleiarane for Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, saman med Mirjam Weichselbraun, Alice Tumler og green room-programleiar Conchita Wurst.[3] Saman med Weichselbraun, Tumler, Wurst, Left Boy, eit lokalt barnekor og Radio-Symphonieorchester Wien framførte ho «Building Bridges» under opninga av finalen.[4]

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 «Eurovision 2015 presenter Arabella Kiesbauer: 10 things you need to know». The Mirror (på engelsk). 23. mai 2015. Henta 7. juni 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Ein tödlicher Rechthaber». Berliner Zeitung (på tysk). 12. februar 1999. Henta 8. juni 2015. 
  3. «Who gets to host Eurovision in Vienna?» (på engelsk). Eurovision.tv. 19. desember 2014. Henta 7. juni 2015. 
  4. «The Grand Final live from Vienna!» (på engelsk). Eurovision.tv. 23. mai 2015. Henta 7. juni 2015.