Mirjam Weichselbraun
Mirjam Weichselbraun (fødd 27. september 1981 i Innsbruck) er ein austerriksk programleiar og skodespelar.
Mirjam Weichselbraun | |
![]() | |
Fødd | 27. september 1981 |
---|---|
Fødestad | Innsbruck i Austerrike |
Fødenamn | Mirjam Weichselbraun |
Opphav | Austerrike |
Verka som | Programleiar og skodespelar |
Sambuar med | Jan Hahn |
Prisar | Romy, Årets tiroler |
EurovisionEndra
Wer singt für Österreich?Endra
28. oktober 2014 vart det kjend at Weichselbraun ville vere programleiar for Wer singt für Österreich?, den austerrikske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike.[1] Ho leia dei fire programma som vart sende på ORF eins i februar og mars 2015.[1]
Eurovision Song Contest 2015Endra
På ein pressekonferanse 19. desember 2014 vart Weichselbraun presentert av Österreichischer Rundfunk som ein av programleiarane for Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, saman med Alice Tumler, Arabella Kiesbauer og green room-programleiar Conchita Wurst.[2] Saman med Tumler, Kiesbauer, Wurst, Left Boy, eit lokalt barnekor og Radio-Symphonieorchester Wien framførte ho «Building Bridges» under opninga av finalen.[3]
FotnotarEndra
- ↑ 1,0 1,1 «Austria: Mirjam Weichselbraun to host national selection» (på engelsk). esctoday.com. 28. oktober 2014. Henta 7. juni 2015.
- ↑ «Who gets to host Eurovision in Vienna?» (på engelsk). Eurovision.tv. 19. desember 2014. Henta 7. juni 2015.
- ↑ «The Grand Final live from Vienna!» (på engelsk). Eurovision.tv. 23. mai 2015. Henta 7. juni 2015.