Alice Tumler
Alice Tumler (fødd 11. november 1978 i Innsbruck) er ein austerriksk programleiar. Tumler har austerriksk far av slovensk-italiensk avstamning og fransk mor frå Martinique i Karibia. Ho pratar flytande tysk, engelsk, fransk og italiensk, men meistrar òg spansk og portugisisk.[1]
Alice Tumler | |
![]() Arabella Kiesbauer (t.v.), Mirjam Weichselbraun (midten) og Alice Tumler (t.h.) | |
Fødd | 11. november 1978 |
---|---|
Fødestad | Innsbruck i Austerrike |
Fødenamn | Alice Tumler |
Opphav | Austerrike, Frankrike |
Verka som | Programleiar |
Prisar | Årets tiroler |
EurovisionEndra
Eurovision Song Contest 2015Endra
På ein pressekonferanse 19. desember 2014 vart Tumler presentert av Österreichischer Rundfunk som ein av programleiarane for Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, saman med Mirjam Weichselbraun, Arabella Kiesbauer og green room-programleiar Conchita Wurst.[2] Saman med Weichselbraun, Kiesbauer, Wurst, Left Boy, eit lokalt barnekor og Radio-Symphonieorchester Wien framførte ho «Building Bridges» under opninga av finalen.[3]
FotnotarEndra
- ↑ «Sprachtalent Tumler moderiert Talentshow» (tysk). Kleine Zeitung. 16. juli 2013. Henta 7. juni 2015.
- ↑ «Who gets to host Eurovision in Vienna?» (engelsk). Eurovision.tv. 19. desember 2014. Henta 7. juni 2015.
- ↑ «The Grand Final live from Vienna!» (engelsk). 23. mai 2015. Henta 7. juni 2015. Parameteren
|utjgevar=
er ikkje støtta av malen. (hjelp)