Arabisk matematikk

Arabisk matematikk viser til den matematiske utviklinga som fann stad i den arabiske verda i mellomalderen, frå kring år 800 til midt på 1400-talet. I denne perioden voks islam fram som ei kulturell og økonomisk makt og som politisk makt omfatta islam store område i Nord-Afrika, mesteparten av Spania, Tyrkia og strekte seg heilt til Kina i aust. Det kulturelle tyngdepunktet i verda flytta seg frå Alexandria til Bagdad i denne tida og Harun al-Rashid, som regjerte frå 786, oppmuntra til lærdom og vitskap og gav støtte til at dei greske klassikarane vart omsett til arabisk. Dyktige arabiske matematikarar omsette verka til Evklid, Arkhimedes og Apollonios til dette språket, og slik har både desse og fleire andre verk frå gresk matematikk som elles hadde gått tapt, bevarte. Seinare vart dei omsett vidare frå arabisk til latin og vart tilgjengelege i Europa under renessansen.

Ei side frå The Compendious Book on Calculation by Completion and Balancing av Al-Khwarizmi.

I tillegg til at dei arabiske matematikarane omsette dei greske matematikarane, gjorde dei sjølv nyskapande oppdagingar og var med på å leggje grunnlaget for dei store gjennombrota som skjedde i europeisk matematikk på 1600-talet.

Al-Kwarizmi (ca.780–850) og etterfølgjarane hans, mellom andre al-Kharaji (953–1029), grunnla algebra som ei sjølvstendig matematisk grein. Dette var eit brot med den greske matematikken, som hovudsakleg dreidde seg om geometri. Omar Khayyam (1048–1131), som òg er kjend som forfattar av diktsamlinga Rubaiyat, gav fullstendige løysingar av tredjegradslikningar med metodar som påverka Fermat 600 år seinare. Sharaf al-Tusi (1135–1213) utvikla ei form for algebra der han studerte kurver ved hjelp av likningar, og la dermed grunnlaget for det ein i dag kallar algebraisk geometri. Det finst ei direkte linje frå metodane til al-Tusi og fram til Newton og Leibniz og oppdaginga av differensialrekninga på 1600-talet. Desse tre arabiske vitskapsmennene var alle frå Persia og skreiv på arabisk.

Kjelder

endre