Aragvi
elver I Georgia
Aragvi er ei elv i Georgia på sørsida av Kaukasusfjella. Ho er 112 km lang og nedslagsfeltet dekkjer eit område på 2 724 km². Elva renn over eit underlag av sandstein, skifer og kalkstein. Demninga og vasskraftverket som er bygd i elva produserer mykje av elektrisiteten i Georgia. Demninga stod ferdig i 1986 og danna Zjinvali-reservoaret.[1] Nær reservoaret ligg slottet Ananuri og ei kyrkje for Jomfru Maria sin himmelfart.
Aragvi | |||
elv | |||
Land | Georgia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 724 km² | ||
Lengd | 112 km | ||
Munning | Mtkvari | ||
Aragvi 42°20′41″N 44°41′42″E / 42.3446°N 44.695°E | |||
Wikimedia Commons: Aragvi River |
Aragvi munnar ut i Mtkvari nokre kilometer nedanfor demninga, ved Mtskheta.
-
Zjinvalireservoaret
-
Slottet Ananuri
-
Demninga i Aragvi
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aragvi River» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2007.