Arawakfolk er ei urfolksgruppe frå Sør-Amerika og Karibia. Omgrepet blei opphavleg nytta om arhuaco- og lokonofolk frå det nordlege søramerikanske fastlandet, som tradisjonelt tala språka arhuaco og arawak. Det er også blitt brukt til å omfatta dei nærskylde øykaribiske tainofolka, som også tala arawakspråk.

Teikning av ei arawakkvinne av John Gabriel Stedman frå 1818

Arawakar heldt hovudsakleg til langs Orinoco-elva aust i dagens Colombia og i Venezuela, men også vidare austover i Surinam, Guyana og Fransk Guyana. Folkegruppa spreidde seg ut på Dei karibiske øyene og busette seg på alle øyene like nord til Bahamasøyene. Medan arawakane på Dei små Antillane blei erstattat av karibar, som følgde i spora til arawakane, var det arawakane som møtte spanjolane på Dei store Antillane i nordvestlege Karibia i 1492. Nesten alle arawakfolk blei utsletta frå Karibia i løpet av 1500-talet av spanjolane, eller dei gifta seg med spanjolar og tapte kulturen sin. Søramerikanske arawakfolk har derimot overlevd kulturelt i større grad. Mange etterkomarar av arawakar og spanjolar - såkalla mestizo eller mestisar - reknar seg framleis som tainofolk eller lokono.

Arawakfolk samla for eit møte med den nederlanske guvernøren i Paramaribo i Surinam i 1880

På 2000-talet fanst det rundt 10 000 lokonofolk, hovudsakleg i kystområde av Venezuela, Guyana, Surinam og Fransk Guyana. Til forskjell frå mange andre søramerikanske urfolksgrupper er talet på lokonofolk aukande.[1]

KjelderEndra

  1. Olson, James Stewart (1991). The Indians of Central and South America: An Ethno-historical Dictionary. Greenwood. s. 211. ISBN 0313263876. Henta 16. juni 2014.