Arbel (hebraisk אַרְבֵּל) er ein moshav nord i Israel. Han ligg på Har Arbel ved Genesaretsjøen nær Tiberias og høyrer til Nedre Galilea regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 571.[1]

Arbel
אַרְבֵּל
landsby
Ruinar av ei gammal synagoge.
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Nedre Galilea regionale kommune
Koordinatar 32°48′44″N 35°28′57″E / 32.81222°N 35.48250°E / 32.81222; 35.48250
Folketal 571  (2011)[1]
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av Demobiliserte soldatar
Kart
Arbel
32°48′44″N 35°28′57″E / 32.812222222222°N 35.4825°E / 32.812222222222; 35.4825
Wikimedia Commons: Arbel (moshav)

Arbel vart grunnlagd i 1949 av demobiliserte soldatar på landområdet til den avfolka arabiske landsbyen Hittin. Innbyggjarane der flykta eller vart drivne bort under den arabisk-israelske krigen i 1948.[2] Staden var opphavleg ein moshav shitufi (som nytta den økonomiske strukturen til ein kibbutz, men den sosiale strukturen til ein moshav), men vart ein moshav ovdim (ei fellesbusetjing) i 1959.

Historie endre

Staden var busett alt under tida til Det første tempelet som Beit Arbel (Hosea 10:14), truleg på ein tell nord for dagens moshav.[treng kjelde] Ein har funne keramikk frå sein romersk og bysantinsk tid.[3]

På tida til Det andre tempelet var landsbyen Arbel heimstaden til vismannen Nittai av Arbela, som i følgje Mishnah sa: «Hald deg borte frå dårlege grannar, ikkje ver med dei vonde, og ikkje sørg over gjengjelding» (Avot 1:7).[4] I følgje Josefus var Arbel òg åstad for eit slag med styrkane til Herodes den store und erobringa av landområdet frå Antigonus II Mattathias.[5]

I 1047 evt. var Nasir Khusraw på pilegrimsreise gjennom Palestina, og skreiv at han kom til landsbyen Irbil, etter Hittin, på veg til Tabariyyah. Han skreiv vidare at «på sørsida av [Irbil] stig eit fjell, og på fjellet er det ei inngjerding, med fire graver - gravene til sønene til Jakob - som var brør av Josef. Og vidare kom eg til ein ås, og under åsen låg ei grotte, som var grava til mor til Moses[6]

I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod Irbid oppført i osmanske skattelister som ein del av Tabariyya nahiya under Safad liwa' (distrikt). Han hadde to hushaldningar, begge muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, bomull, geiter og/eller bikubar, olivenoljepresse og/eller ei presse for druesirup.[7]

I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin ruinane,[8] og i 1881 omtalte Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine «Kh. Irbid[9] som «viktige ruinar» med «spor av ein arabisk landsby».[10]

I 1948 høyrte landområdet til den palestinske landsbyen Hittin, som vart avfolka i den arabisk-israelske krigen i 1948.[2]

Gammal synagoge endre

Arbel er kjend for ruinane av ei gammal synagoge som ligg her. Det er ein av dei eldste synagogene i verda og står midt i ruinane av den antikke jødiske landsbyen, på vestsida av moshaven. Døra til synagogen står framleis, og vart skoren ut i ein massiv kalkstein.[11]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 Khalidi, 1992, s. 523
  3. Dauphin, 1998, s. 718-719
  4. http://www.jewishvirtuallibrary.org/jsource/jødedom/The_Temple.html[daud lenkje]
  5. Josefus Flavius, omsetjing av G.A Williamson, The Jewish War, Penguin Books Ltd, 1959, s.62 - 63
  6. Khusraw, 1897, s.16
  7. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 190
  8. Guérin, 1880, s. 198-201
  9. "The ruin of Irbid», according to Palmer, 1881, s. 128
  10. Conder and Kitchner, 1881, s. 396-400
  11. Ancient Synagogues in the Land of Israel, Mordechai Aviam, Israel natur- og parktilsyn, 1997, s. 16