61°28′9.1236″N 16°22′31.058″E / 61.469201000°N 16.37529389°E / 61.469201000; 16.37529389

Frå Åsparken i det sentrale Arbrå.
Vasskraftverket i Arbrå

Arbrå er ein svensk tettstad i Bollnäs kommun i Gävleborgs län i landskapet Hälsingland. I 2005 hadde tettstaden 2 262 innbyggjarar.

Fram til 1961 var Arbrå eigen kommune og municipalsamhälle i Hälsingland.

Historie endre

Arbrå kommune vart danna i 1863. I 1907 vart kommunen delt i to, då stasjonsbyen danna eit municipalsamhälle i samband med at jarnbana vart lagt. Nabokommunen Undersvik blei i samband med storkommunereformen i 1952 ein del av Arbrå kommune. Ni år seinare, i 1961, blei Arbrå municipalsamhälle lagt ned, og stasjonsbyen vart igjen ein del av Arbrå.

Industri endre

Arbrå var lenge åstad for ulike industriar, mellom anna fleire verkstader, ein skapprodusent og Forsbro textil. Arbrå ligg i Ljusnandalen og fekk tidleg sitt eige vasskraftverk. Sporane av vasskrafta er framleis godt synlege i dei nesten tørrlagde bekkene som omgjev Forsön i det sentrale Arbrå. Det finst spor av tidlege demningar, og sidan 1900-åra, har eit relativt stort vasskraftverk, Norränge kraftstation, lege like nord for tettstaden. Derfrå blir vatnet leidd frå Ljusnan ned i ein tunnel som har utløpet sitt på sørsida av Forsön. Fortums kundeservice har hovudkvarteret sitt i Arbrå. Dette kontoret var tidlegare hovudkontor for Hälsingekraft. Her arbeider i dag ca 200 personar.

Idrettsliv endre

Idrettslivet i Arbrå har sterke tradisjonar, mest kjend er handballklubben, der damelaget spelar i 2. divisjon (2009). I tillegg er det både ski- og fotballklubbar. ikkje langt unna ligg hoppbakken Koldemoåsen, ein av dei første i Hälsingland.

Kjende personar frå Arbrå endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre