Arga
Arga er ei elv i Navarra i Spania og ei av sideelvane til Aragón. Arga vart kalla Runa i antikken. Ho ligg nordaust i Spania og har ei lengd på 145 km. Nedslagsfeltet hennar er 2759 km². Elva spring ut nord i Errodalen og munnar ut i Rio Aragón nær Funes.
Arga | |||
elv | |||
Bru (frå tidleg på 1000-talet) over Arga ved Puente La Reina
| |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 759 km² | ||
Renn gjennom | Esteríbar | ||
Lengd | 145 km | ||
Middelvassføring | 59,76 m³/s | ||
Kjelde | Errodalen | ||
Munning | Aragón | ||
Arga 43°01′54″N 1°28′01″W / 43.03157642323°N 1.467047851851°W | |||
Nedslagsfeltet til Ebro med Arga markert i grønt.
| |||
Wikimedia Commons: Arga |
Elva er demd opp ved Euguireservoaret nær Esteríbar, ein liten landsby i Navarra. Dammen er hovudsakleg til for å tene området i og rundt Pamplona.
Vegetasjon
endreI den øvre delen av elva er ho hovudsakleg omgjeve av bøkeskog og i skogen veks blåbær, cornwall-lyng, halvgras og frytle. I tillegg finn ein andre tre som or, ask, lønn, hasseltre og trollhegg. Etter demninga veks det hovudsakleg eik og furu ved elva.
I den nedste delen finst òg skjørpil, og nedanfor Belascoáin går plantelivet over frå å vere typisk kantabrisk til å verte middelhavsk med svartpoppel og kvitpil.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Arga River» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2009.