Argaman (hebraisk skrift אַרְגָּמָן, tyder Rosenraud) er ein moshav og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg i Jordandalen, åtte kilometer nord for Damiabrua med eit areal på 4 500 mål. Han er underlagt Bik'at HaYarden regionale kommune. Folkesetnaden var 163 i 2011.[1] Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]

Argaman
אַרְגָּמָן
landsby
Namneopphav: Rosenraud
Land  Vestbreidda
Region Jordandalen
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Bik'at HaYarden
Koordinatar 32°10′20.99″N 35°31′18.84″E / 32.1724972°N 35.5219000°E / 32.1724972; 35.5219000
Folketal 163  (2011)[1]
Grunnlagd 1968
 •  Grunnlagd av Nahal
Tilhøyrsle Mishkei Herut Beitar
Kart
Argaman
32°10′21″N 35°31′19″E / 32.172497222222°N 35.5219°E / 32.172497222222; 35.5219
Wikimedia Commons: Argaman

Namnet på moshaven er eit akronym for Arik Regev og Gad Manela, to Nahal-kommandantar som vart drepne der i kamp mot arabiske militante.[3]

Han vart først grunnlagd i 1968 som ei Nahal-busetjing av Betar-rørsla,[4][5] og omgjort til ein sivil moshav i mai 1971.[6]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014. 
  2. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 
  3. The Israel digest, Volume 12 
  4. Gordon, Neve (2008), Israel's Occupation, University of California Press, s. 123, ISBN 9780520255319 
  5. Efrat, Elisja (1988), Geografi and Politics i Israel Since 1967, Psychology Press, s. 33, ISBN 9780714633039 
  6. The colonization of Vestbreidda territories by Israel: hearings before the Subcommittee on Immigration and Naturalization of the Committee on the Judiciary, USA Senate, Ninety-fifth Congress (PDF), oktober 1977, s. 61