Ariane Ehrat (fødd 17. februar 1961) frå Schaffhausen er ein sveitsisk tidlegare skirennar. Ho vann sølvmedaljen i utfor under VM i alpine greiner i 1985.

Ariane Ehrat
Fødd 17. februar 1961
Schaffhausen
Yrke alpinist

Ehrat var utforspesialist. I verdsmeisterskapen i alpint 1982 i Schladming kom ho på 14. plass i øvinga. Under vinter-OL 1984 i Sarajevo kom ho i mål på fjerdeplass, landsmennene Michela Figini og Maria Walliser sørgde då for sveitsisk dobbeltsiger. Eitt år seinare tok Ehrat sølv under VM i alpint 1985 i Santa Caterina, på same tid som Katharina Gutensohn, Michela Figini sikra seg eit nytt internasjonalt meisterskap i utfor.

Ehrat gjekk aldri til topps i eit verdscuprenn. Første pallplasseringa fekk ho i utforrennet i Sarajevo 5. februar 1983, ho vart då nummer tre. Hennar beste tevling utanom VM-utforen 1985, var utforrennet i Val-d'Isère 7. desember 1983 då ho var einast åtte hundredels sekund bakom vinnaren Irene Epple frå Vest-Tyskland. Sidan ho ikkje plukka poeng i andre greiner enn utfor og etterkvart super-G, vart ein 22. plass i verdcupen i alpint 1984 hennar beste plassering i samandraget.

Sidan ho la opp som aktiv alpinist i 1986 har Ehrat arbeidd i turistindustrien.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra