Arkadij Rylov
Arkadij Aleksandrovitsj Rylov (29. januar 1870–22. juni 1939) var ein russisk-sovjetisk symbolistisk målar.
Arkadij Rylov | |
Sjølvportrett, 1939 | |
Verkeleg namn | Аркадий Александрович Рылов |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken, Sovjetunionen |
Fødd | 17. januar 1870 Istobensk |
Død |
22. juni 1939 (69 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, kunstlærar |
Sjanger | landskapsmåleri |
Medlem av | Sovjetunionens kunstnerforbund |
Arkadij Rylov på Commons |
Liv og gjerning
endreRylov vart fødd i landsbyen Istobenskoje i Vjatka-guvernementet. Der voks han opp i heimen til stefaren, som var notar. Han flytta til St. Petersburg og studerte 1888-91 ved sentralskulen for teknisk teikning. 1894-97 studerte han ved St. Petersburgs kunstakademi under Arkhip Kuindzji.
Rylov var med i rørsla Mir iskusstva, og i etterfylgjaren Samlinga av russiske kunstnarar. Seinare var han også medlem av Kunstnarforbundet i det revolusjonære Russland. Attåt dette var han formann i det såkalla Kuindzji-selskapet.
Rylov byrja som historiemålar, eksamensarbeidet ved kunstakademiet var Petsjenegarars overfall på ein slavisk landsby. Med åra vart han i hovudsak landskapsmålar. Men samstundes har mange av bileta hans allusjonar til russisk historie.
Mange av landskapsbileta måla etter oktoberrevolusjonen vart sett som symbol på den revolusjonære fridomen. I desse åra laga Rylov også nokre komposisjonar heilt typisk for sosialistisk realisme, til dømes Lenin i Razliv.
Rylov underviste ved kunstakademiet i St. Petersburg. Atelieret hans var nærast eit lite naturreservat. Der levde ikorn, kaninar og apa Manka. Ville fuglar flaug fritt, og elles var der to maurtuer. I fylgje Mikhail Nesterov elska ville dyr og fuglar Rylov og kom ofte til atelieret hans.
Verk
endreMellom Rylovs mest kjende verk er Grøn støy frå 1904. Biletet syner nokre lauvtunge bjørketre som svaiar i sterk vind, bakom bjørkene er små skip under segl på ein sjø eller eit hav. Eit anna kjent verk er I det blå himmelromet frå 1918, biletet viser villgjess flygande under ein vid himmel og over eit ope hav der eit seglskip er i fart.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Arkady Rylov» frå Wikipedia på engelsk, den 7. desember 2009.