Opna hovudmenyen

Mikhail Vasiljevitsj Nesterov (31. mai 186218. oktober 1942) var ein russisk kunstmålar, medlem av Peredvizjnikij-gruppa. Han var ein leiande representant for den religiøse symbolismen i russisk målarkunst.

Mikhail Nesterov
Mikhail Nesterov.jpg
Fødenamn Михаил Васильевич Нестеров
Fødd 19. mai 1862 (juliansk)
Ufa
Død

18. oktober 1942
Moskva

Sjanger historiemåleri, landskapsmåleri, religiøs kunst, sjangermåleri, portrett
Yrke kunstmålar, filosof

Liv og virkeEndra

 
Den unge Bartolomeus sitt syn, 1890
 
Solovki, 1917

Nesterov var fødd i Ufa, han voks opp i ein kjøpmannsfamilie der i byen. Allereie under ei vitjing på gymnaset i Ufa tok han til å måle. Etter å ha avslutta gymnaset i 1874 reiste han til Moskva for å ta til ved ein allmennfagleg høgskule.

LandskapsmålarEndra

Frå 1877 til 1881 og på nytt i åra frå 1884 til 1886 studerte han ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Her var han elev hos Vasilij Perov, Aleksej Savrasov og Illarion Prjanisjnikov. I mellomperioden 1881-1884 studerte han ved St. Petersburgs kunstakademi, med Pavel Tsjistjakov til lærar.

Frå 1889 deltok Nesterov i aktivitetane til Peredvizjnikij, medlem av denne rørsla vart han i 1896. I sine tidlege år som kunstnar vart han av alle oppfatta som landskapsmålar.

Religiøs symbolist og portrettmålarEndra

Med åra tiltok mengda av religiøse motiv i Nesterovs verk, noko som førte til at han kom i konflikt med Peredvizjnikij. Måleriet Den unge Bartolomeus sitt syn frå 1890 vert rekna for å ha innleia symbolismen i russisk målarkunst. Biletet skildrar omvendinga av den russiske mellomalder-helgenen Sergej Radonezjskij.

I tidsrommet mellom 1890 og 1910 levde og arbeidde Nesterov for det meste i Kiev eller i St. Petersburg. Desse åra skapte han og arbeidde han etter tur med freskomåleria i Volodymyrskatedralen i Kiev og med mosaikken i Oppstodekyrkja i St. Petersburg. Seinare var han oppteken med ikonmåling. Han busette seg då i Moskva.

Etter oktoberrevolusjonen, som han som ortodoks kristen var motstandar av, måla Nesterov hovudsakleg portrett. Han portretterte ei heil rekke av personlegdomar innan kultur og vitskap.

Nesterov døydde i 1942 i Moskva. Størstedelen av verka hans er i dag i Det russiske museet, samt i Tretjakovgalleriet. Nokre måleri er i privat eige.

Eit utval verkEndra

  • Einebuaren (Пустынник) (1889)
  • Den unge Bartolomeus sitt syn (Видение отроку Варфоломею) (1890)
  • Kristi brud (1897)
  • Portrett av E. P. Nesterova (Е. П. Нестерова) (1905)
  • Det heilage Russland (Святая Русь) (1906)
  • Haustlandskap (1906)
  • Filosofane (Философы) (1917)
  • Portrett av Ivan Pavlov (1935)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Mikhail Nesterov