Arktisløvetann
Arktisløvetann (Taraxacum arcticum) er ein plante i løvetannslekta.
Arktisløvetann | |
Arktisløvetann | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Cichorioideae |
Stamme: | Cichorieae |
Slekt: | Løvetann Taraxacum |
Art: | Arktisløvetann T. arcticum |
Vitskapleg namn | |
Taraxacum arcticum |
Utsjånad
endrePlanten er 5–10 cm høg med kvite eller svakt gule blomstrar. Blada er djupt flika. Han skil seg frå polarløvetann, som også veks på Svalbard, ved at sistnemnde alltid har kraftig gule blomstrar og store blad i rosetten.
Utbreiing
endreArktisløvetann veks på frodige stader over heile Svalbard, men han er rekna som sjeldan. Elles veks han på stader med tørr tundra, i fuglefjell og på elveøyrer i arktiske område nord i Europa og Asia.
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk flora Det Norske Samlaget 2005 ISBN 82-521-6029-8
- Olav Gjærevoll og Olaf I. Rønning 1980: Flowers of Svalbard ISBN 82-00-05398-9
- Botanisk museum Arkivert 2008-05-28 ved Wayback Machine.