Opna hovudmenyen

Armand Carlsen

norsk skeiseløpar, sykkelryttar og idrottsleiar

Armand Henning Carlsen (20. oktober 19058. mai 1969) var ein norsk skøyteløpar frå Oslo. Han representerte Oslo Skøiteklub.

Armand Carlsen
Armand Carlsen på Hamar stadion (HHB-02504) (cropped).jpg
Fødd 20. oktober 1905
Oslo
Død

8. mai 1969

Yrke skøyteløpar, sykkelryttar
Armand Carlsen på Commons
Armand Carlsen i svart skjorte i ytterbanen.
Frå Vinter-OL 1928 i St. Moritz.

KarriereEndra

Armand Carlsen representerte Noreg i skøyteløp frå 1925 til 1935. Han deltok i i alt 15 EM og VM, og fekk inga dårlegare plassering enn nr. 12. Under VM i 1927 vann han bronse.

Ei veke før OL 1928 deltok han i VM i Davos i Sveits. Her sette han ny verdsrekord på 10 000 meter med tida 17.17,4. Med dette sletta han gamlerekorden til Oscar Mathisen frå 1913. Rekorden til Carlsen skulle bli ståande i 10 år og 1 dag, til Ivar Ballangrud sletta han i 1938, også i Davos.

Carlsen deltok i Vinter-OL 1928 i St. Moritz, og fekk her ein femteplass på 5000 meter som beste plassering. Han vann 10.000 meter i NM same året. Carlsen vann også 10.000 meter under VM i 1934.

Armand Carlsen var også ein dyktig banesyklist, og fekk sylv i NM i banesykling i 1928. I 1929 vart han tildelt Egebergs ærespris for sin innsats innan både sykkel- og skøytesporten.

Armand Carlsen var president i Norges Skøyteforbund 1956–61. Sonen, Armand Carlsen, jr. har også vore skøyteløpar samt idrettsleiar, og barnebarnet Øystein Carlsen som m.a. deltok under vinter-OL 1994, har tevla for same skøyteklubben som bestefaren. [1]

KjelderEndra

FotnotarEndra