62°09′54″N 17°23′15″E / 62.16500°N 17.38750°E / 62.16500; 17.38750 Armsjön er ein innsjø på grensa mellom landskapa Medelpad og Hälsingland i Sverige, ca. 20 km sør for Sundsvall, og i nærleiken av Bottenhavet. Vassflata ligg, ved normal vasstand, 64 meter over havet, og har eit overflateareal, målt saman med Skarhålssjön, på 14 km². Elva frå innsjøen munnar ut i Bottenhavet.

På 1950-talet utførte dr. Puke ved Uppsala universitet ei kartlegging for sivilforsvaret over kva innsjøar som kunne vere eigna som drikkevassreservoar ved ein eventuell atomkrig, og Armsjön var den innsjøen som vart oppført som reinast av dei oppmålte innsjøane. Den største djupna i innsjøen er 24 meter, og ligg i den sørlege delen. Det er sett ut fleire fiskeartar i innsjøen, mellom anna aure, røye og sik, men bestand av gjedde har gjort arbeidet vanskeleg. I eit tilfelle på 1980-talet vart det sett ut 13 500 aureyngel i innsjøen og dei tilløpande elvane.

Kjelder endre