Armstrong Whitworth

britisk produksjonsselskap
(Omdirigert frå Armstrong, Whitworth & Co.)

Sir W G Armstrong Whitworth & Co Ltd var eit større britisk produksjonsføretak i byrjinga av 1900-talet. Det hadde hovudkvarter i Elswick i Newcastle, og laga bilar, fly, lokomotiv, skip og våpen.

Armstrong Whitworth


BransjeBilindustri, skipsbygging, lokomotivmaking
Skipa1847 (W.G. Armstrong Co.)
Nedlagd1927
Etterfylgjar(ar)Vickers-Armstrongs
EigarWilliam Armstrong, 1. baron Armstrong
DotterselskapVickers Armstrong
Armstrong Siddeley
HovudkontorManchester, England, Newcastle upon Tyne
LandStorbritannia
ProduktAircraft
Armaments
Locomotives
Ships
Grunnleggjar(ar)William George Armstrong
LagnadOppsplitting
Oppkjøp

Føretaket blei stifta av William Armstrong i 1847, og blei gjennom fusjonar etterkvart til Armstrong Mitchell og Armstrong Whitworth. I 1927 fusjonerte det med Vickers Limited til Vickers-Armstrongs, med bil- og fly-verksemda kjøpt opp av J D Siddeley.

Historie endre

I 1847 skipa ingeniøren William George Armstrong ein verkstad ved Elswick i Newcastle. Dei laga hydraulisk maskineri, kranar og bruer, og etterkvart også artilleri, der særleg Armstrong-kanonen som den britiske hæren brukte under Krimkrigen er velkjend. I 1882 blei selskapet slått saman med selskapet til skipsbyggjaren Charles Mitchell og fekk namnet Armstrong Mitchell & Company. På denne tida strekte verkstaden seg over over ei mile (ca. 2 km) langs breidden av elva Tyne.[1]

Armstrong Mitchell fusjonerte igjen med ingeniørføretaket til Joseph Whitworth i 1897.[2] Selskapet utvida til å laga bilar og lastebilar i 1902, og skipa ei avdeling for luftfartøyi 1913. Denne blei til dotterselskapet Armstrong Whitworth Aircraft i 1920.

I 1927 fusjonerte føretaket med Vickers Limited til Vickers-Armstrongs.

Kjelder endre

  1. Newcastle Industrial Heritage [daud lenkje]
  2. Manchester College of Art & technology Arkivert 27. mai 2008 ved Wayback Machine. – The Whitworth collection history - vitja mars 2009