Arne Bakker

norsk fotballspelar

Arne «Bakker'n» Bakker (18. februar 19309. oktober 2009) var ein norsk fotball- bandy- og ishockeyspelar frå Bærum.

Arne Bakker
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. februar 1930
Bærum
Død

9. oktober 2009 (79 år)
Bærum

Idrett fotball, ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1952

Utmerkingar

Egebergs Ærespris

KarriereEndra

I åtte år spelte Bakker forsvar for Asker Skiklubb i eliteserien, der han spelte i 99 kampar og skåra 10 mål. Han spelte også svært lenge for det norske herrelandslaget i fotball, med heile 54 kampar.

Som bandyspelar spelte Bakker først for Asker, og deretter for Stabæk Bandy, der han vann kongepokalen i 1952. Under vinter-OL 1952 i Oslo, der bandy var demonstrasjonsgrein, spelte Bakker på det norske OL-landslaget. Med tre deltakande lag kom Noreg her på andreplass, bakom Sverige og framom Finland. Bakker spelte i NM i bandy i 1952, 1953 og 1955.

I ishockey spelte han også på norsk proffnivå, der han spelte for Stabæk og Jar. Etter at han gav seg som idrettsutøvar, vart han fotballtrenar; fyrst for Asker sitt A-lag, seinare for Stabæk Fotball.

I 1961 vart han tildelt Egebergs Ærespris. Han er så langt den einaste som har vunne prisen for både bandy og fotball.

KjelderEndra