Arne Halse (20. oktober 18873. juli 1975) var ein norsk friidrettsutøvar som tevla i spydkast, både i fristil og det som den gongen var vanleg spydkast. Han vann OL-sølv i spydkast med begge armar under Sommar-OL 1908, samt OL-bronse i spydkast med beste arm (fristil). Halse var medlem av Trondhjems IF, seinare av Sportsklubben Brage.

Arne Halse

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. oktober 1887
Kristiansund kommune
Død

3. juli 1975 (87 år)
Trondheim

Yrke friidrettsutøvar
Høgd 172 centimeter
Far Dyre Halse
Arne Halse på Commons

Aktiv endre

Halse, som var fødd i Kristiansund og oppvaksen i Trondheim, var son til den framgangsrike forretningsmannen Dyre Halse. Arne Halse vart norsk meister i spydkast i åra 1905, 1906, 1907 og tok sølvmedaljen i 1909. Åra 1906 og 1907 vart han noregsmeister også i kulestøyt, i 1909 fekk han bronsemedaljen i øvinga.

18 år gammal deltok Halse i Sommar-OL 1906 i Aten og vart nummer sju i spydkasting med beste arm. To år seinare vann han sølvmedaljen i vanleg spydkast og tok bronsen i fristil-øvinga under dei olympiske leikane i London. Han deltok også i kulestøyt. Under Sommar-OL 1912 i Stockholm kom han på femteplass i spydkast (venstre + høgre arm) og 7. plass i vanleg spydkast.

Kjelder endre