Arne Indrebø (fødd 6. august 1969) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Breim som vart noregsmeister i spjutkast åra 1990, 1993, 1995 og 1997. Han var medlem i Breim IL og Gloppen Friidrettslag.

Arne Indrebø
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. august 1969 (54 år)
Re i Gloppen

Indrebø sette i 1989 personbeste med eit kast på 72,80 meter. Året etter forbetra han seg til 75,34 m, norsk årsbeste i 1990. Same året sikra han seg sitt fyrste NM-gull. I 1992 flytta han den personlege rekorden til 76,04 meter, som også var norsk årsbeste. Det var også hans 74,72 m i 1993-sesongen. 27. juli 1994, på heimlege Byrkjelo, fekk Indrebø opp sitt livs beste spjutkast, eit kast som målte 76,20 meter. Sidan lukkast han vinne NM-gull nummer 3, framom Pål Arne Fagernes, og nummer 4 framom Ronny Nilsen.

Medaljar i noregsmeisterskap

endre

Kjelder

endre