Arne Jon Jutrem, fødd Johansen (fødd 2. august 1929 i Aker (Oslo), død 15. september 2005 på Jevnaker), var ein norsk glaskunstnar, designar og biletkunstnar kjent både for sine glas med stram og skulpturell karakter i tillegg til sine måleri, som er representerte i norske og utanlandske kunstindustrimuseum og kunstgalleri.

Arne Jon Jutrem
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. august 1929
Aker kommune
Død

15. september 2005 (76 år)
Jevnaker

Yrke kunstmålar, professor

Jutrem vart utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i perioden 1946 til 1950, og fekk dette året arbeid som designar ved Hadeland Glassverk. I denne perioden vann han òg den nordiske formgjevingsprisen Lunningprisen i 1959. I perioden 1963 til 1966 var han frilansdesignar for Holmegaard Glasværk i Danmark, før han deretter var designar ved PLUS i Fredrikstad. Mot slutten av 1960-talet vigde Jutrem arbeidet sitt til bildekunsten, etter å ha debutert som måler alt på starten av 1950-talet.

Gjennom 1970-talet markerte han seg som både målar og grafikar, før han i 1984 igjen vart knytt til Hadeland Glassverk, men denne gongen som kunstnarisk leiar. I 1982 vart han òg knytt til Høgskolen i Oslo, der han var dosent og professor i estetikk. I 1992 vann han Jacobprisen delt ut av Norsk Form, og det same året vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for brukskunstrørsla i Noreg.

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre