Arnfinn Bårdsen (fødd 11. juli 1966) i Stavanger er ein norsk jurist, dommar i Høgsterett. Han tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1992 og blei dr. juris i 1999 over temaet «Krenkelser og klager: vilkårene for realitetsbehandling av private klager ved Den europeiske menneskerettighetsdomstolen».

Arnfinn Bårdsen
Fødd 11. juli 1966 (53 år)
Stavanger
Yrke Høgsterettsdommar

Han har tidlegare arbeidd som amanuensis og førsteamanuensis ved juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen i perioden 1992 til 2003, avbrote av ein periode som dommarfullmektig ved Jæren sorenskrivarembete 1994-1995. I perioden 2003 til 2008 arbeidde han som lagdommar, lagmann/avdelingsleiar og kst. førstelagmanni Gulating lagmannsrett. Han blei utnemnd til høgsterettsdommar i desember 2007, og tiltredde 1. juli 2008.

LitteraturEndra

Arnfinn Bårdsen: Krenkelser og klager: Vilkårene for realitetsbehandling av private klager ved Den europeiske menneskerettighetsdomstolen (1999) Bergen, Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 82-00-12946-2