Arnljot Eggen
Arnljot Eggen (13. august 1923–4. februar 2009) var ein norsk lyrikar fødd i Tolga kommune og busett i Oslo. Han var son til forfattaren Eystein Eggen (1886-1973).
Arnljot Eggen | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. august 1923 Tolga |
Død |
4. februar 2009 (85 år) |
Yrke | lyrikar, skribent, omsetjar, barnebokforfattar, lærar, journalist |
Periode | 1951-2003 |
Politisk parti | Arbeidernes kommunistparti |
Debut | Eld og is |
Eggen debuterte i 1951 med diktsamlinga Eld og is, og han har seinare utgjeve ei rad diktsamlingar. Litt annan litteratur har han òg bidrege med, som ungdomsbøker, viser og attdiking av utanlandske dikt.
Bibliografi
endre- Eld og is – dikt (1951)
- Jegeren – dikt (1955)
- Sendebod – dikt (1959)
- Sagasus i stasjonsbyen – prosa (1962)
- Eit hovud i havet – dikt (1965)
- Sovjetlyrikk frå Majakovskij til Jevtusjenko (medforfatter) – gjendiktning (1966)
- Roller og røynd – dikt (1967)
- Polsk etterkrigslyrikk: Den sjuande engelen (medforfatter) – gjenditning (1967)
- Obotunde Ijimere og Wole Soyinka: Når trommene tal – gjendiktning (1968)
- Sprekker i muren – dikt (1969)
- Baksideviser – viser (1970)
- Wolf Biermann: Songar til piggtråd-harpe – gjendiktning (1971)
- Lagnad sa vi – dikt (1972)
- Obotunde Ijimere: Fødd med eld på hovudet – gjendiktning (1972)
- Knaben-balladen og andre tekster – dikt (1974)
- Skrifta på veggen – viser (1976)
- Skulder ved skulder – dikt (1977)
- Dikt gjennom 30 år – dikt (1979)
- Dei nødvendige – dikt (1980)
- Den lange streiken – ungdomsbok (1981)
- Hei sveis – barnedikt (1984)
- Hanane på Kreta – barnedikt (1985)
- Jaroslav Seifert: Songen om epletreet – gjendiktning (1986)
- Wolf Biermann: Dra-dra – gjendiktning (1986)
- Vi er dei mange. Teater om arbeidsfolk – drama (1987)
- Kongsdatteren og røverne – barnebok (1988)
- Det flyktige varige – dikt (1988)
- Dikt mot det stumme – dikt (1993)
- Dikt i utval – dikt (1996)
- Eystein Eggen og skriftkulturen i fjellregionen – sakprosa (1996)
- Når fuglane frir (medforfattar) – barnebok (1996)
- Lengdesnitt – dikt, aforismer og viser (2003)
- I 1973 var han med på Pendlerne – eit gruppearbeid utført ved Nationaltheatret - gruppa har bestått av Arnljot Eggen (forfattar), Finn Ludt (komponist), Janken Varden og Stein Winge (instruktørar), Truls Kwetzinsky (scenograf), Lennart Lagerwall (dramaturg), Jan Hårstad, Helge Jordal, Kjell Kjær, Randi Koch, Nils Ole Oftebro, og Liv Thorsen (skodespelarar), Sigurd Haugen og Asmund Feidje (musikarar)
Prisar og utmerkingar
endre- Noregs Mållags barnebokpris 1963 (delt med Johannes Heggland og Knut Hauge)
- Dagbladprisen 1968
- Melsom-prisen 1971, for Bakside-viser
- Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok 1981, for Den lange streiken
- Doblougprisen 1985 (delt med Bergljot Hobæk Haff)
- Melsom-prisen 1989, for Det flyktige varige
Bakgrunnsstoff
endre- Tom Lotherington: «Arnljot Eggen» i Norsk Biografisk Leksikon
- Digitaliserte bøker av Arnljot Eggen i bokhylla.no (Nasjonalbiblioteket)