Stein Winge

norsk skodespelar

Stein Winge (10. november 194026. februar 2024) var ein norsk teaterregissør fødd i Oslo.

Stein Winge
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. november 1940
Oslo
Død

26. februar 2024 (83 år)

Yrke sceneinstruktør, skodespelar, filmregissør, teatersjef
Far Sigurd Winge
Mor Eva Winge
Ektefelle Kari Onstad

Karriere

endre

Winge var utdanna skodespelar, men gjekk raskt over til regi. Han blei først kjend gjennom oppsetjinga av Shakespeare sin HamletTrøndelag Teater i 1972. Han var fast tilsett regissør ved Nationaltheatret i perioden mellom 1971 og 1976. Etter det gjorde han ei rekkje oppsetjingar på Den Nationale Scene.

Han sette opp førestillingar, hovudsakleg av Shakespeare (Hamlet, Richard II, Richard III, King Lear og Othello), Goethe, Tsjekov, greske tragediar og nesten alle av verka til Ibsen. Han var òg ein sterk fortolkar av samtidsverk som Merlin (Tancred Dorst), Tiden og rommet (Botho Straus) og Døden og jenta (Ariel Dorfman). Han arbeidde ved alle norske teater, var teatersjef ved Nationaltheatret og gjort fleire TV-produksjonar, og han regisserte fleire skodespel ved Los Angeles Theatre Centre. Han hadde oppsetjingar i fleire byar i Europa.

Over ein 30-årsperiode hadde han regissert meir enn 150 oppsetjingar innan opera og teater. Han var kunstnerisk leiar for Torshovteatret, og var teatersjef på Nationaltheatret frå 1990 til 1992. Sidan 1999 var han sjefregissør ved Den Norske Operaen. der sette han opp La traviata i 2003 og Barabbas i 2004. Under Ibsenfestivalen 2006 hadde han regien på Ibsens Når vi døde vågner. Han blir rekna for å vere ein av dei leiande regissørane i landet. I 2007 instruerte han Stiklestad-spelet. Den 16. august 2008 var det premieren på operaen ToscaOscarsborg Operaen med Stein Winge som regissør. Winge var med på å etablere Oscarsborg Operaen i 1998. Han var òg regissør for Wolfgang Amadeus Mozart sin opera Tryllefløyten, som blei oppført på Oscarsborg Operaen i 1998.

Winge hadde òg biroller i filmane Afrikaneren (1966), Papirfuglen (1985) og Døden på Oslo S (1990) Og dessutan ei av hovudrollene Frank, i den NRK-produserte serien Koslig med peis (2010).

Utmerkingar

endre

Av prisane Winge vann er også Heddaprisen. Denne vann han for sin regi av Il Trittico av Puccini. Han blei òg utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden. Han fekk Kulturprisen av Oslo by i 2006.[1]

Personlege tilhøve

endre

Winge var gift med skodespelaren Kari Onstad sidan 1964. Han var far til modell og skodespelar Viktoria Winge og skodespelar Julie Winge. Han var son av kunstnaren Sigurd Winge (f. 1909, d. 1970) og eksskodespelaren Eva.

I eit intervju i 2005, på TV2-serien Tonje Steinsland møter..., fortalde han om ein vanskeleg barndom med mobbing på skulen og korleis dette prega han i vaksen alder. Det vanskelege tilhøvet mellom foreldra hans bidrog òg til at barndomen var tung.[2]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre