Magnus Poulsson

norsk arkitekt

Magnus Poulsson (fødd 14. juli 1881 i Drammen, død 18. mars 1958 i Asker) [1] var ein norsk arkitekt. Han er særleg kjend for Oslo Rådhus og Telegrafbygninga i Oslo, begge saman med Arnstein Arneberg. Andre kjende verk er DFDS-garden i Karl Johans gate 1 i Oslo, restauranten på Folkemuseet, Eysteinskyrkja og Bærum rådhus i Sandvika.[1]

Magnus Poulsson
Magnus Poulsson.jpg
Fødd 14. juli 1881
Drammen
Død

18. mars 1958
Asker

Yrke arkitekt
Magnus Poulsson på Commons
Oslo rådhus teikna av Arnstein Arneberg og Magnus Poulsson.
Foto: Ranveig

Poulsson var utdanna under Herman Major Schirmer ved Den kongelege teiknekole i Kristiania og Kungliga Tekniska högskolan i Stockholm.[1]

Utmerkingar i utvalEndra

Poulsson fekk Sundts premie i 1916 for ein villa i Frederik Stangs gate 16 i Oslo og Houens fonds diplom i 1925 og 1930 for respektive DFDS-garden og Bærum rådhus. Han mottok St. Olavs Orden i 1950.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Norsk kunstnerleksikon, band 3, N-So, Oslo: Universitetsforlaget, 1986, s.231- 239 digital utgåve

BakgrunnsstoffEndra