Arntor
Studioalbum av Windir
Språk norsk, engelsk
Utgjeve 11. oktober 1999
Innspelt August - oktober 1999
Sjanger Svartmetall
Folk metal
Sognametall
Lengd 46:09
Selskap Head Not Found
Voices of Wonder
Produsent Pytten, Terje Bakken
Kritikk
Windir-kronologi 
Sóknardalr
(1997)
Arntor 1184
(2001)


Arntor er det andre studioalbumet til Windir, ei norsk svartmetallgruppe frå Sogndal. Albumet vart utgjeve i oktober 1999, gjennom plateselskapet Head Not Found. Arntor skil seg ifrå andre Windir-album, sidan Valfar er den einaste medverkande, utanom trommer. Bandet fekk mykje kritikk av bruken av eit gamalt NS-bilete som plateomslag. Songane er som på Sóknardalr: Dei omhandlar historier, segn og eventyr frå Sogn. Spesielt songen «Svartasmeden og Lundamyrstrollet» er opphavleg eit gamalt eventyr ifrå Sogndal, nedskrive av Asbjørnsen og Moe.

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Byrjing» (The Beginning)3:17
2.«Arntor, ein windir» (Arntor, a Warrior)6:56
3.«Kong Hydnes Haug» (The Burial Mound of King Hydnes)6:37
4.«Svartasmeden og Lundamyrstrollet» (The Blacksmith and the Troll of Lundamyri)9:02
5.«Kampen» (The Struggle)6:36
6.«Saknet» (The Longing)10:03
7.«Ending»3:38

Medverkande endre

Kjelder endre