Artisjokk

Artisjokk eller artiskokk (Cynara cardunculus var. scolymus ) er ein fleirårig tistel i artisjokkslekta (Cynara). Delar av blomen, artisjokkbotnen eller artisjokkhjartet, blir brukt som grønsak og er rekna som ein delikatesse som blir mykje brukt i fransk og italiensk mat.

Artisjokk er ei kulturform av kardon som stammar frå middelhavslanda. Planten blir opptil 1,5 m høg. Blada er sølvgrøne og blir 50-80 cm lange. Blomane er purpur- eller lilla-raude og har ein diameter på rundt 10 cm.

Hausta artisjokk.
Artisjokk med gamle blomar.

Korgdekkeblada og blomekjernen er etande. Han kan lagast til gjennom koking, steiking, damping, baking eller grilling.

Kjelder endre

«artisjokk» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Artisjokk