Ei grønsak er ein plantedel som blir brukt til mat, hovudsakleg for å metta og ofte etter å ha blitt varma. Når ei plante avlar grønsaker, omtalar vi gjerne også heile planta som «grønsak». Ordet grønsak viser til ulike matvarer som vi bruker på same måte. Dermed kan det variere litt kva slag planter ein reknar som grønsaker. Oversikta nedanfor viser kva for planter og plantedelar som oftast blir omtala som grønsaker, og korleis desse kan grupperast innan botanikken.

Grønsaktypar endre

Blomar

 
Paprika.

Frukter


Knollar

Belgfrukter

 
Soyabønner

Røter


Stenglar

 
Purre.

Blad


Laukar

Biologiske eigenskapar endre

Dei plantane som vi refererer til som grønsaker er meir eller mindre saftige plantedelar frå hovudsakleg eitt- til toårige vekster.

Bruk av ordet endre

I praktisk språkbruk blir poteter ofte ikkje rekna som ei grønsak, ettersom poteta i Noreg er ein vanleg attåtrett som høyrer med til mange slag måltid. På liknande vis er silda ofte ikkje teke med i den generelle nemninga «fisk».

I slekt med grønsaker endre

Ting som liknar på grønsaker er søte frukter, bær og sopp. Dei fleste kornslaga blir ikkje rekna som grønsaker, men mais kan vera eit unntak.

Bakgrunnsstoff endre