Artisten Roxen
Larisa Roxana Giurgiu (fødd 5. januar 2000), kjend under artistnamnet Roxen, er ein rumensk songar. Ho vart kjend i Romania i 2019, då ho var medartist på «You Don't Love Me» av musikkprodusenten Sickotoy. Songen nådde ein tredjeplass på den rumenske radiolista og vart spelt på radio i fleire andre land. Roxen skulle ha representert Romania i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Alcohol You», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] I staden fekk ho representere Romania i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Amnesia».[2][3]
Roxen | |||
| |||
Fødd | 5. januar 2000 (24 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Cluj-Napoca | ||
Fødenamn | Larisa Roxana Giurgiu | ||
Alias | Roxen | ||
Opphav | Romania | ||
Aktiv | 2019– | ||
Sjanger | deep house | ||
Plateselskap | Global Records | ||
Verka som | songar |
Bakgrunn
endreRoxen vart fødd i Cluj-Napoca med fødenamnet Larisa Roxana Giurgiu. Allereie som sjuåring oppdaga Roxen ein lidenskap for musikk og deltok i fleire lokale talenttevlingar.[4][5] Etter skulegang fekk Roxen platekontrakt med Global Records, og var seinare medartist på songen «You Don't Love Me» av Sickotoy i august 2019.[6][7] Singelen fekk kommersiell suksess i Romania, og nådde tredjeplass på landet sitt Airplay 100-hitliste. Songen fekk òg speletid på radio i land som Frankrike, Russland, Spania og USA.[4]
I november same år slapp Roxen debutsingelen «Ce-ți cântă dragostea», og songen nådde 26. plass i Romania. Hovudsjangeren hennar er deep house, ein undersjanger av house.[4] Musikkjennarar samanliknar Roxen med artistar som Dua Lipa og Billie Eilish.[8]
I februar 2020 var Roxen ein av kandidatane til å representere Romania i Eurovision Song Contest 2020, etter at Televiziunea Română (TVR) hadde inngått eit samarbeid med Global Records for å finne ein artist til å representere landet.[9][10] 11. februar stadfesta kringkastaren at Roxen skulle vera den rumenske deltakaren i Eurovision Song Contest i Rotterdam i mai.[11] 1. mars 2020 framførte Roxen fem songar i ein tv-send nasjonal finale. Sjåarane og ein fagjury valde deretter «Alcohol You» som songen Roxen skulle deltake med i Rotterdam.[12][13] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[14] I staden vedtok TVR at Roxen skulle representere Romania i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Amnesia».[2][3]
Diskografi
endreSinglar
endreSom hovudartist
endreTittel | År | Høgaste listeplassering |
Album |
---|---|---|---|
ROM | |||
«Ce-ți cântă dragostea»[15] | 2019 | 1 | Ikkje frå album |
«I Don't Care»[16] | — | ||
«Alcohol You» | 2020 | — | |
«Spune-mi» | 1 | ||
«How to Break a Heart» | — | ||
«Wonderland»[17] (med Alexander Rybak) |
— | ||
«Parte din tine»[18] (med DJ Project) |
2021 | 72 | |
«Amnesia»[19] | — | ||
«—» angjev at songen ikkje nådde lista. |
Som medartist
endreTittel | År | Høgaste
listeplassering |
Album | |
---|---|---|---|---|
ROM | BUL | |||
«You Don't Love Me»[7] (Sickotoy feat. Roxen) |
2019 | 3 | 7 | Ikkje frå album |
Referansar
endre- ↑ Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ 2,0 2,1 «Eurovision 2021: Romania confirms Roxen and continued partnership with Global Records» (på engelsk). 31. mars 2020. Henta 31. mars 2020.
- ↑ 3,0 3,1 «TVR a decis: Roxen va reprezenta România la Eurovision Song Contest 2021» (på rumensk). Henta 31. mars 2020.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Scutaru, Cristina (3. februar 2020). «Roxen cucerește topurile muzicale!» [Roxen attains success on music charts!] (på rumensk). DC News. Henta 5. februar 2020.
- ↑ «O noua editie a Festivalului "Armonii muzicale"» [A new edition of the "Musical Harmonies" festival] (på rumensk). Zi de zi. 20. oktober 2019. Henta 11. februar 2020.
- ↑ Gallagher, Robyn (1. februar 2020). «Romania: TVR confirms partnership with Global Records for internal selection of 2020 artist». Wiwibloggs. Henta 1. februar 2020.
- ↑ 7,0 7,1 «You Don't Love Me (feat. Roxen) - Single by Sickotoy on iTunes». iTunes Store. 12. august 2019. Henta 5. februar 2020.
- ↑ «Roxen ne spune povestea vieții ei» [Roxen tells us the story of her life]. Unica. 7. januar 2020. Henta 5. februar 2020.
- ↑ Muntean, Marco (4. februar 2020). «Romania will reveal the representative on 10th February». ESCBubble. Henta 4. februar 2020.
- ↑ «TVR și Global Records, parteneri pentru Eurovision Song Contest 2020» [TVR and Global Records, partners for the 2020 Eurovision Song Contest] (på rumensk). Societatea Româna de Televiziune. 31. januar 2020. Henta 31. januar 2020.
- ↑ «Roxen will represent Romania at the Eurovision Song Contest 2020». EBU. 11. februar 2020. Henta 11. februar 2020.
- ↑ «Roxen to sing for Romania in Rotterdam». www.eurovision.tv. 11. februar 2020. Henta 12. februar 2020.
- ↑ «Romania: Alcohol You is the song for Roxen!». eurovision.tv. 1. mars 2020. Henta 1. mars 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- ↑ «Ce-ți cântă dragostea - Single by Roxen on iTunes». iTunes Store. 12. november 2019. Henta 5. februar 2020.
- ↑ «I Don't Care - Single by Roxen on iTunes». iTunes Store. 2. desember 2019. Henta 5. februar 2020.
- ↑ Stănescu, Alex (28. november 2020). «Videoclip oficial: Roxen x Alexander Rybak - Wonderland» (på rumensk). InfoMusic. Henta 4. desember 2020.
- ↑ Chirilă, Raluca (29. januar 2021). «Videoclip oficial: DJ Project x Roxen - Parte din tine» (på rumensk). InfoMusic. Henta 29. januar 2021.
- ↑ «Amnesia - Single by Roxen». Apple Music. 4. mars 2021. Henta 4. mars 2021.
- Denne artikkelen bygger på ««Roxen (artist)»» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2021.