Koronapandemien

global pandemi med koronavirussjukdommen covid-19

Koronapandemien, koronaviruspandemien eller covid-19-pandemien er eit verdsomspennande utbrot av luftvegsinfeksjonen covid-19. Sjukdommen blei fyrst konstatert i desember 2019 i millionbyen Wuhan i den kinesiske provinsen Hubei. I løpet av januar 2020 utvikla han seg til ein epidemi i delar av Kina, og spreidde seg så til heile verden som ein pandemi. WHO erklærte utbrotet som ei internasjonal folkehelsekrise den 11. februar 2020,[2] og som ein pandemi 11. mars.[3]

Koronapandemien

Utbrot per kapita i ulike land.

██  > 100 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██  30–100 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██  10–30 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██  3–10 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██  1–3 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██  0,3–1 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██  > 0–0,3 tilfelle per 1000 innbyggjarar

██  Ingen rapporterte tilfelle/ingen innbyggjarar
Dato17. november 2019–
StadOpphav i Wuhan i Hubei i Kina
Døde15–26 millionar[1] (estimated)
SARS-CoV-2. Elektronmikroskopbilete med raud og oransje farge lagt oppå gråtonebiletet.

Utbrotet kom av eit nytt koronavirus, SARS-CoV-2.[4][5][6] Symptom på covid-19 kan vera alt frå umerkelege til døyelege. Dei vanlegaste er feber, smitte og trøttleik. Sjukdommenm smittar ved at ein pustar inn luft som inneheld små dropar og luftborne partiklar som inneheld viruset.[7] Risikoen for å pusta inn desse er høgast når folk er nær kvarandre, men dei kan også smitta over ein del avstand, særleg innomhus. Smitte kan også skje via væske som når auge, nase eller munn, og i sjeldne høve via overflater. Folk som er smitta kan vanlegvis smitta vidare i ti dagar, og kan spreia viruset sjølv om dei sjølv ikkje har symptom. Mutasjonar har danna fleire variantar av viruset som har ulik grad av smittsamheit og sjukdomsutvikling.[8][9]

Inkubasjonstida, perioden mellom smittetidspunktet og sjukdomsutbrot, er vanlegvis fem dagar, men kan variera frå to til fjorten dagar.[10][11] Komplikasjonar av sjukdommen kan vera lungebetennelse og acute respiratory distress syndrome (ARDS). Det finst ingen vaksine eller spesifikk antiviral behandling mot viruset, men dette blir forska på. Tiltak mot utbrotet går ut på å behandla og lindra symptom. Tilrådde tiltak for å hindra spreiing omfattar grundig handvask, å halda avstand frå andre folk, særleg dei som er sjuke, og overvaking og sjølv-isolering i fjorten dagar for dei som mistenkjer at dei er smitta.[12][10][13]

Offentlege tiltak mot spreiing har mellom anna gått ut på å hindra eller avgrensa reise, portforbod, karantene, stenging av skular og avlysing av større arrangement. Utbrotet har ført med seg sosial og økonomisk uro,[14][15] tilfelle av xenofobi og rasisme mot folk av kinesisk eller austasiatisk utsjånad,[16][17][18][19][20] og spreiing av feilinformasjon og konspirasjonsteoriar om viruset på nettet.[21][22][23]

Epidemiologi

endre
 
Kart som viser utbreiinga av stadfesta tilfelle av viruset SARS-CoV-2 sidan 22. januar 2020.

Seint i desember 2019 blei det rapportert om ei gruppe lungebetennelsetilfelle utan kjend årsak av helsevesenet i Wuhan i Hubei-provinsen i Kina. Mange av dei første tilfella hadde tilknyting til Huanan sjømat- og engrosmarknad, og derfor gjekk ein ut frå at viruset var zoonotisk.[5] Viruset som valda utbrotet er kjent som SARS-CoV-2, eit nytt koronavirus som er i slekt med flaggermus-koronavirus,[24] skjeldyrkoronavirus[25] og SARS-CoV.[26] Ein teori er at viruset oppstod i flaggermus frå slekta Rhinolophus.[27]

Dei første rapporterte symptoma kom 1. desember 2019, hjå ein person som ikkje hadde vore i kontakt med Huanan-marknaden eller dei 40 andre i den første gruppa der viruset blei funne.[28][29] Av denne første gruppa hadde to tredelar tilknyting til marknaden, som også selde levande dyr.[28][30][31][32]

I dei tidlege stadia blei talet på tilfelle dobla omtrent kvar 7,5. dag.[33] I byrjinga og midten av januar 2020 blei virus spreidde til andre provinsar i Kina, hjelpt av reiser i samband med kinesisk nyttår, ettersom Wuhan er eit transportsenter i Kina og smitta personar snøgt kunne reisa til andre delar av landet.[34] 20. januar melde Kina frå om 140 nye pasientar på ein dag, medrekna to personar i Beijing og ein i Shenzhen.[35] Seinare offisielle data viste at 6 174 pasientar smitta med viruset allereie hadde utvikla symptom 20. januar 2020.[36]

Verdsorganisasjonen for helse (WHO) erklærte utbrotet som ei internasjonal folkehelsekrise 30. januar 2020.[37] Etter stor vekst i nye tilfelle i Italia, Iran og Sør-Korea melde WHO at talet på nye tilfelle utanfor Kina for første gong var større enn talet på nye tilfelle i Kina den 25. februar 2020.[38]

Svært få tilfelle er rapporterte hjå born.[11]

Dødsfall

endre

Det første stadfesta dødsfallet var 9. januar 2020 i Wuhan.[39] Det første dødsfallet utanfor Kina var på Filippinane,[40][41][42] og det første dødsfallet utanfor Asia var i Frankrike.[43]

Grafiske oversyn

endre

Symptom

endre
Utbreiing av symptom[34]
Symptom %
Feber 87,9 %
Tørr hoste 67,7 %
Trøyttheit 38,1 %
Spyttproduksjon 33,4 %
Kortpusta 18,6 %
Muskel- eller leddsmert 14,8 %
Vond hals 13,9 %
Hovudverk 13,6 %
Kuls 11,4 %
Kvalme eller oppkast 05,0 %
Tett i nasen 04,8 %
Diaré 03,7 %
Hemoptyse 00,9 %
Tett konjunktiva 00,8 %

Symptom på COVID-19 er ikkje spesifikke for denne sjukdommen. Smitta personar kan vera utan symptom eller utvikla symptom som feber, hoste, muskelsmerte, kjenna seg trøytte eller bli kortpusta.[45][46][47] Diaré og plager i øvre luftvegar (som nysing, snue og vond hals) er mindre vanlege.[48]

Ein gjennomgang WHO gjorde av 55 924 tilfelle identifiserte av laboratorium i Kina til og med 20. februar 2020 fann fordelinga av teikn og symptom som er viste i tabellen til venstre.[34]

Vidare utvikling av sjukdommen kan føra til lungebetennelse, acute respiratory distress syndrome, multiorgansvikt og død hjå nokre pasientar.[49][50]

Årsak

endre

Virologi

endre
 
Bilete av SARS-CoV-2, teke med transmisjonselektronmikroskop

SARS-CoV-2 (engelsk Severe acute respiratory syndrome coronavirus 2) er eit nytt virus som først blei isolert frå tre menneske med lungebetennelse i Wuhan, frå den første gruppa identifiserte smitta.[26]

SARS-CoV-2 er nært i slekt med SARS-CoV, viruset som valdar SARS hjå menneske.[51] Ein reknar med at det er zoonotisk. Genetisk analyse har vist at koronaviruset ligg nær slekta Betacoronavirus i underslekta Sarbecovirus (ættelinje B), saman med to ættelinjer frå flaggermus. Det er 96 % identisk på genomnivå med andre flaggermus-koronavirus (BatCov RaTG13).[52][34] I februar 2020 fann kinesiske forskarar ut at det berre var ein aminosyreskilnad i visse genomsekvensar mellom virus funne i skjeldyr og dei funne i menneske, noko som tydde på at skjeldyr kunne ha vore mellombels vertsdyr.[53]

Viruset er eit RNA-virus, nærmare bestemt (+)ssRNA-virus;[54][55][56] Dette viruset har arvestoff som er enkelttråda og har positiv polaritet.

Ein såkalla L-type av viruset verkar å vera meir smittsam enn S-typen. Den eine typen er ikkje meir døyeleg enn den andre, ifølgje Ian Jones ved University of Reading.[57]

Overføring av smitte

endre

Den viktigaste måten viruset smittar på er gjennom smådropar som blir utanda av ein smitta person, til dømes gjennom hoste eller nysing.[58][59][7] Slike dropar er berre luftborne ei kort tid, men kan framleis vera smitteberande på overflater av glas, metall eller plast.[60] Ein kjenner til at andre koronavirus kan overleva i opptil ni dagar i romtemperatur.[61] Eit tidleg forsøk og analyse som var eit internasjonalt samarbeid tyder på at ingen verksame virus var att etter 7 dagar på plast og metall i romtemperatur.[62] Disinfeksjon av slike overflater er mogleg med produkt som inneheld 62–71 % etanol.[61] Viruset har kortare levetid på andre flater, som under to dagar på klede og under tre timar på papir, medan forskarane fant at viruset var meir stabilt i kjøleskapstemperatur, der det berre var ein moderat reduksjon etter to veker.[62]

WHO har meldt at risikoen for smitte frå ein smitta person utan symptom er «svært låg» og at risikoen for smitte gjennom avføring er «låg».[63]

Estimat for basisreproduksjontalet (det gjennomsnittlege talet på folk ein smitta person truleg vil smitta) er mellom 2,13[64] til 4,82.[65][66] 24. januar 2020 hadde ein funne at viruset kunne smitta i ei kjede på opptil fire personar.[67] Dette liknar på tala for SARS-CoV.[68]

Prøvetaking og anna diagnostisering

endre

Verdsorganisasjonen for helse publiserte ein metode for å diagnostisera den nye typen av koronaviruset. Metoden var utvikla av Charité, som er ein av dei største universitetsklinikkane i Europa.[69]

I april 2020 var det blitt utvikla antistofftestar som kunne visa om nokon hadde aktive infeksjonar eller hadde hatt viruset tidlegare.[70][71][72]

Tiltak mot smitte

endre

Metodar for å verna seg mot smitte omfattar god hygiene, som å vaska hendene når det passar, å ikkje ta på auge, nase eller munn med uvaska hender, å hosta eller nysa i eit papirhandklede og kasta det rett i søpla etterpå, og (for folk som allereie kan ha blitt smitta) å bruka ei kirurgisk maske når ein er ute.[73][74][75] Å halda avstand til andre er også tilrådd.[13] Mange styresmakter har rådd innbyggjarane sine frå å reisa til land og område med smitte om det ikkje er heilt naudsynt.[76]

Det kan vera mogleik for at ein får kontakt-smitte frå ein gjenstand og til sine eigne hender, og deretter kan smitta kome inn i kroppen gjennom munn, nase eller auge;[77] som eit typisk virus så har koronaviruset eit vernande skal av feittsyrer.[78] Då er jamleg og grundig vask av hendene med såpe det mest effektive til å løysa opp feittsyrene i skalet rundt virusa.[78] Minst 60 % alkohol kan også ha effekt, t.d. i handsprit med litt tid til å verka, medan antibac treng høg alkoholprosent og helst litt såpe for å ha nokon effekt.[78]

Sporing av kontakt er ein viktig metode for helsevesen til å finna ei smittekjelde og hindra vidare smitte.[79] Avsondring er også ein føreslått metode for å hindra spreiing innan lokalsamfunn.[80][81]

Utvikling av vaksinar eller testing av antivirale medisinar har gått føre seg i fleire land.[82][83]

Galleri

endre

Behandling

endre
For meir om dette emnet, sjå Covid-19.
 
Behandling av to covid-19-pasientar i Iran i 2020.

Behandling av symptom kan inkludera væskebehandling og oksygenbehandling.[84][85][86] Ekstrakorporal membranoksygenering (ECMO), ein teknikk for å tilføra oksygen til pasientar med alvorleg redusert lunge- eller hjartefunksjon, har vore brukt i samband med respirasjonssvikt.[87][88]

I nokre høve har ein brukt anti-retrovirale medisinar (ofte brukt mot HIV/AIDS)[89] i behandling av smittetilfelle.[90]

Til behandling av pasientar med store pusteproblem bruker ein pustemaskinar (respiratorar).[91]

Kjende personar som har døydd

endre

I kulturen

endre

Referansar

endre
  1. «The pandemic's true death toll». The Economist. Henta 29. juni 2022. 
  2. «WHO erklærer coronaviruset en «internasjonal folkehelsekrise»», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 31. januar 2020 
  3. «WHO: Erklærer Covid-19 en pandemi», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 11. mars 2020 
  4. Gorbalenya, Alexander E. (11. februar 2020). «Severe acute respiratory syndrome-related coronavirus – The species and its viruses, a statement of the Coronavirus Study Group». bioRxiv (på engelsk): 2020.02.07.937862. doi:10.1101/2020.02.07.937862. 
  5. 5,0 5,1 «Coronavirus disease named Covid-19». BBC News (på engelsk). 11. februar 2020. Henta 11. februar 2020. 
  6. Bakgrunn: Hva er SARS? (21. april 2003) Forskning.no.
  7. 7,0 7,1 «Getting your workplace ready for COVID-19» (PDF). World Health Organization. 27 February 2020. 
  8. CDC (11 February 2020). «COVID-19 and Your Health». Centers for Disease Control and Prevention. Henta 6 January 2022. 
  9. Clinical Questions about COVID-19: Questions and Answers US Centers for Disease Control and Prevention
  10. 10,0 10,1 «Symptoms of Novel Coronavirus (2019-nCoV) | CDC». U.S. Centers for Disease Control and Prevention (CDC). 10. februar 2020. Henta 11. februar 2020. 
  11. 11,0 11,1 Rothan, Hussin A.; Byrareddy, Siddappa N. (26. februar 2020). «The epidemiology and pathogenesis of coronavirus disease (COVID-19) outbreak». Journal of Autoimmunity: 102433. ISSN 0896-8411. PMID 32113704. doi:10.1016/j.jaut.2020.102433. 
  12. «Q&A on coronaviruses». World Health Organization (WHO). 11. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  13. 13,0 13,1 «Coronavirus Disease 2019 (COVID-19)». Centers for Disease Control and Prevention (på engelsk). 11. februar 2020. Henta 9. mars 2020. 
  14. «Here Comes the Coronavirus Pandemic – Now, after many fire drills, the world may be facing a real fire.». The New York Times. 29. februar 2020. Henta 1. mars 2020. 
  15. Krugman, Paul (27. februar2020). «When a Pandemic Meets a Personality Cult». The New York Times. Henta 29. februar 2020. 
  16. Young, Evan (31. januar 2020). «'This is racism': Chinese-Australians say they've faced increased hostility since the coronavirus outbreak began». Special Broadcasting Service. 
  17. Iqbal, Nosheen (1 February 2020). «Coronavirus fears fuel racism and hostility, say British-Chinese». The Observer. ISSN 0029-7712. Arkivert frå originalen 3. februar 2020. Henta 4 February 2020. 
  18. «Coronavirus fears trigger anti-China sentiment across the globe». Global News. Arkivert frå originalen 3. februar 2020. Henta 4. februar 2020. 
  19. Yeung, Jessie. «As the coronavirus spreads, fear is fueling racism and xenophobia». CNN. Arkivert frå originalen 3. februar 2020. Henta 4. februar 2020. 
  20. Darrach, Amanda (25. februar 2020). «The new coronavirus and racist tropes». Columbia Journalism Review. 
  21. «Fake Facts Are Flying About Coronavirus. Now There's A Plan To Debunk Them». NPR. Henta 23. februar 2020. 
  22. Perper, Rosie (5. mars 2020). «As the coronavirus spreads, one study predicts that even the best-case scenario is 15 million dead and a $2.4 trillion hit to global GDP». Business Insider – via Yahoo!. 
  23. Clamp, Rachel (5. mars 2020). «Coronavirus and the Black Death: spread of misinformation and xenophobia shows we haven't learned from our past». The Conversation – via Yahoo!. 
  24. Perlman S (January 2020). «Another Decade, Another Coronavirus». New England Journal of Medicine 382 (8): 760–62. PMID 31978944. doi:10.1056/NEJMe2001126. 
  25. Wong MC, Cregeen S, Ajami NJ, Petrosino JF (February 2020). Evidence of recombination in coronaviruses implicating pangolin origins of nCoV-2019. 
  26. 26,0 26,1 «Outbreak of severe acute respiratory syndrome coronavirus 2 (SARS-CoV-2): increased transmission beyond China – fourth update» (PDF). European Centre for Disease Prevention and Control (ECDC). 14. februar 2020. Henta 8. mars 2020. 
  27. «Transmission of Covid-19 may have begun in November». Fiocruz. 
  28. 28,0 28,1 Huang C, Wang Y, Li X, et al. (februar 2020). «Clinical features of patients infected with 2019 novel coronavirus in Wuhan, China». Lancet 395 (10223): 497–506. ISSN 0140-6736. PMID 31986264. doi:10.1016/S0140-6736(20)30183-5. 
  29. Wang, Chen; Horby, Peter W.; Hayden, Frederick G.; Gao, George F. (24. januar 2020). «A novel coronavirus outbreak of global health concern». The Lancet 395 (10223): 470–473. ISSN 0140-6736. PMID 31986257. doi:10.1016/S0140-6736(20)30185-9. 
  30. Joseph, Andrew (24. januar 2020). «New coronavirus can cause infections with no symptoms and sicken otherwise healthy people, studies show». STAT. Arkivert frå originalen 24. januar 2020. Henta 27. januar 2020. 
  31. Chan, Jasper Fuk-Woo; Yuan, Shuofeng; Kok, Kin-Hang; To, Kelvin Kai-Wang; Chu, Hin; Yang, Jin; Xing, Fanfan; Liu, Jieling; Yip, Cyril Chik-Yan; Poon, Rosana Wing-Shan; Tsoi, Hoi-Wah (24. januar 2020). «A familial cluster of pneumonia associated with the 2019 novel coronavirus indicating person-to-person transmission: a study of a family cluster». The Lancet 0 (10223): 514–523. ISSN 0140-6736. PMID 31986261. doi:10.1016/S0140-6736(20)30154-9. 
  32. Schnirring, Lisa (25. januar 2020). «Doubts rise about China's ability to contain new coronavirus». CIDRAP. Arkivert frå originalen 26. januar 2020. Henta 26. januar 2020. 
  33. Li, Qun; Guan, Xuhua; Wu, Peng; Wang, Xiaoye; Zhou, Lei; Tong, Yeqing; Ren, Ruiqi; Leung, Kathy S. M.; Lau, Eric H. Y.; Wong, Jessica Y.; Xing, Xuesen (29. januar 2020). «Early Transmission Dynamics in Wuhan, China, of Novel Coronavirus-Infected Pneumonia». The New England Journal of Medicine. ISSN 1533-4406. PMID 31995857. doi:10.1056/NEJMoa2001316. 
  34. 34,0 34,1 34,2 34,3 WHO-China Joint Mission (16–24. debruar 2020). «Report of the WHO-China Joint Mission on Coronavirus Disease 2019 (COVID-19)» (PDF). World Health Organization. Henta 8 March 2020. 
  35. «China confirms sharp rise in cases of SARS-like virus across the country». 20. januar 2020. Arkivert frå originalen 20. januar 2020. Henta 20. januar 2020. 
  36. The Novel Coronavirus Pneumonia Emergency Response Epidemiology Team (1. februar 2020). «The Epidemiological Characteristics of an Outbreak of 2019 Novel Coronavirus Diseases (COVID-19) — China, 2020». China CDC Weekly 2 (8): 113–122 – via weekly.chinacdc.cn. 
  37. «Statement on the second meeting of the International Health Regulations (2005) Emergency Committee regarding the outbreak of novel coronavirus (2019-nCoV)». World Health Organization. 30. januar 2020. Arkivert frå originalen 31. januar 2020. Henta 30. januar 2020. 
  38. «WHO Director-General's opening remarks at the mission briefing on COVID-19 – 26 February 2020». World Health Organization. 26. februar 2020. 
  39. «Coronavirus Death Toll Climbs in China, and a Lockdown Widens». The New York Times. 23 January 2020. Arkivert frå originalen 6. februar 2020. Henta 10 February 2020. 
  40. Philippines, World Health Organization (1. februar 2020). «A 44-year-old male is confirmed as the second person with Coronavirus Disease 2019 (COVID-19) in the Philippines. He passed away on 1 February 2020.pic.twitter.com/5a5tPWtvpc». @WHOPhilippines. Arkivert frå originalen 2. februar 2020. Henta 2. februar 2020. 
  41. Ramzy, Austin; May, Tiffany (2. februar 2020). «Philippines Reports First Coronavirus Death Outside China». The New York Times. Arkivert frå originalen 3. februar 2020. Henta 4. februar 2020. 
  42. «Coronavirus updates: U.S., Japanese citizens die in Wuhan». NBC News. Arkivert frå originalen 9 February 2020. Henta 10 February 2020. 
  43. «Coronavirus Live Updates: First Death Outside Asia Reported in France». The New York Times. 15. februar 2020. Henta 15 February 2020. 
  44. The Novel Coronavirus Pneumonia Emergency Response Epidemiology Team. The Epidemiological Characteristics of an Outbreak of 2019 Novel Coronavirus Diseases (COVID-19) – China, 2020. China CDC Weekly, 2020, 2(8): 113–122.
  45. «Coronavirus Disease 2019 (COVID-19) Symptoms». Centers for Disease Control and Prevention. United States. 10. februar 2020. Arkivert frå originalen 30. januar 2020. 
  46. Chen N, Zhou M, Dong X, Qu J, Gong F, Han Y, et al. (februar 2020). «Epidemiological and clinical characteristics of 99 cases of 2019 novel coronavirus pneumonia in Wuhan, China: a descriptive study». Lancet (på engelsk) 395 (10223): 507–13. PMID 32007143. doi:10.1016/S0140-6736(20)30211-7. 
  47. Hessen MT (27 January 2020). «Novel Coronavirus Information Center: Expert guidance and commentary». Elsevier Connect. Arkivert frå originalen 30. januar 2020. Henta 31 January 2020. 
  48. Huang C, Wang Y, Li X, Ren L, Zhao J, Hu Y, et al. (February 2020). «Clinical features of patients infected with 2019 novel coronavirus in Wuhan, China». Lancet 395 (10223): 497–506. PMID 31986264. doi:10.1016/S0140-6736(20)30183-5. 
  49. Hui DS, I Azhar E, Madani TA, Ntoumi F, Kock R, Dar O, Ippolito G, Mchugh TD, Memish ZA, Drosten C, Zumla A, Petersen E. The continuing 2019-nCoV epidemic threat of novel coronaviruses to global health – The latest 2019 novel coronavirus outbreak in Wuhan, China. Int J Infect Dis. 2020 Jan 14;91:264–266. doi:10.1016/j.ijid.2020.01.009. PMID 31953166.
  50. «Q&A on coronaviruses». World Health Organization (WHO). Arkivert frå originalen 20 January 2020. Henta 27. januar 2020. 
  51. Zhu, Na; Zhang, Dingyu; Wang, Wenling; Li, Xinwang; Yang, Bo; Song, Jingdong; Zhao, Xiang; Huang, Baoying; Shi, Weifeng; Lu, Roujian; Niu, Peihua (24. januar 2020). «A Novel Coronavirus from Patients with Pneumonia in China, 2019». New England Journal of Medicine (United States) 382 (8): 727–733. ISSN 0028-4793. PMID 31978945. doi:10.1056/NEJMoa2001017. 
  52. Zhou, Peng; et al. (23. januar 2020). «Discovery of a novel coronavirus associated with the recent pneumonia outbreak in humans and its potential bat origin». bioRxiv: 2020.01.22.914952. doi:10.1101/2020.01.22.914952. Henta 24. januar 2020. 
  53. Xiao K, Zhai J, Feng Y (February 2020). Isolation and Characterization of 2019-nCoV-like Coronavirus from Malayan Pangolins. 
  54. «中国疾病预防控制中心» (på kinesisk). Kina: Chinese Center for Disease Control and Prevention. Henta 9. januar 2020. 
  55. «New-type coronavirus causes pneumonia in Wuhan: expert». People's Republic of China. Xinhua. Arkivert frå originalen 9 January 2020. Henta 9 January 2020. 
  56. «CoV2020». platform.gisaid.org. Henta 12 January 2020. 
  57. Jessica Hamzelou (5. mars 2020). «Coronavirus: Are there two strains and is one more deadly?». 
  58. «How COVID-19 Spreads». US: Centers for Disease Control and Prevention. 11. februar 2020. Henta 25. februar 2020. 
  59. «UpToDate». uptodate.com. Henta 5. mars 2020. 
  60. «Novel coronavirus (COVID-19) – Frequently asked questions – Alerts». health.nsw.gov.au. Henta 27 February 2020. 
  61. 61,0 61,1 Kampf, Günter; Todt, Daniel; Pfaender, Stephanie; Steinmann, Eike (6. februar 2020). «Persistence of coronaviruses on inanimate surfaces and its inactivation with biocidal agents». Journal of Hospital Infection (Elsevier) 104 (3): 246–251. PMID 32035997. doi:10.1016/j.jhin.2020.01.022. 
  62. 62,0 62,1 Chin, Alex W H; Chu, Julie T S; Perera, Mahen R A; Hui, Kenrie P Y; Yen, Hui-Ling; Chan, Michael C W; Peiris, Malik; Poon, Leo L M (2. april 2020). «Stability of SARS-CoV-2 in different environmental conditions». The Lancet Microbe (på engelsk). ISSN 2666-5247. doi:10.1016/S2666-5247(20)30003-3. 
  63. «Q&A on coronaviruses (COVID-19)». who.int. 23. februar 2020. 
  64. Leung, Gabriel; Wu, Joseph (27 January 2020). «Real-time nowcast and forecast on the extent of the Wuhan CoV outbreak, domestic and international spread» (PDF). Wuhan-coronavirus-outbreak AN UPDATE. Henta 29 January 2020. 
  65. «中疾控分析九千新冠患者:老年男性风险大 R0为3.77». news.163.com. 13 February 2020. 
  66. Yang, Yang; Lu, Qingbin; Liu, Mingjin; Wang, Yixing; Zhang, Anran; Jalali, Neda; Dean, Natalie; Longini, Ira; Halloran, M. Elizabeth; Xu, Bo; Zhang, Xiaoai; Wang, Liping; Liu, Wei; Fang, Liqun (21 February 2020). «Epidemiological and clinical features of the 2019 novel coronavirus outbreak in China». MedRxiv: 2020.02.10.20021675. doi:10.1101/2020.02.10.20021675 – via medrxiv.org. 
  67. Saey, Tina Hesman (24 January 2020). «How the new coronavirus stacks up against SARS and MERS». Arkivert frå originalen 25 January 2020. Henta 25. januar 2020. 
  68. Julien Riou & Christian L. Althaus, Pattern of early human-to-human transmission of Wuhan 2019-NCoV, Preprint, bioRxiv, 23. januar 2020.
  69. Schirring, Lisa; 2020 (16. januar 2020). «Japan has 1st novel coronavirus case; China reports another death». CIDRAP (på engelsk). Henta 16 January 2020. 
  70. Petherick A (April 2020). «Developing antibody tests for SARS-CoV-2». Lancet 395 (10230): 1101–1102. PMC 7270070. PMID 32247384. doi:10.1016/s0140-6736(20)30788-1. 
  71. Vogel G (March 2020). «New blood tests for antibodies could show true scale of coronavirus pandemic». Science. doi:10.1126/science.abb8028. 
  72. Pang J, Wang MX, Ang IY, Tan SH, Lewis RF, Chen JI, et al. (February 2020). «Potential Rapid Diagnostics, Vaccine and Therapeutics for 2019 Novel Coronavirus (2019-nCoV): A Systematic Review». Journal of Clinical Medicine 9 (3): 623. PMC 7141113. PMID 32110875. doi:10.3390/jcm9030623. 
  73. «Prevention & Treatment». US: Centers for Disease Control and Prevention. 15. februar 2020. Arkivert frå originalen 15 December 2019. Henta 21. januar 2020. 
  74. «Advice for public». World Health Organization (WHO). Henta 8. februar 2020. 
  75. «What to do if you are sick with 2019 Novel Coronavirus (2019-nCoV)». United States: Centers for Disease Control and Prevention. 11 February 2020. Henta 13 February 2020. 
  76. «COVID-19 Information for Travel». United States: Centers for Disease Control and Prevention. 11 February 2020. Henta 25 February 2020. 
  77. Coronavirus Disease 2019 (COVID-19). CDC. Vitja 21. mars 2020. «It may be possible that a person can get COVID-19 by touching a surface or object that has the virus on it and then touching their own mouth, nose, or possibly their eyes, but this is not thought to be the main way the virus spreads.»
  78. 78,0 78,1 78,2 Sandberg, Hallvard (11. mars 2020), «Derfor er det viktig å vaske hendene med såpe», NRK (på norsk bokmål), henta 21. mars 2020 
  79. «Expert interview: What is contact tracing? – Public health matters». Government of the United Kingdom. Henta 28. februar 2020. 
  80. CDC (11 February 2020). «Coronavirus Disease 2019 (COVID-19)». Centers for Disease Control and Prevention. Henta 4. mars 2020. 
  81. «Coronavirus (COVID-19) – 5 things you can do to protect yourself and your community – Public health matters». Government of the United Kingdom. Henta 4. mars 2020. 
  82. «China CDC developing novel coronavirus vaccine». Xinhua. 26. januar 2020. Arkivert frå originalen 26. januar 2020. Henta 26. januar 2020. 
  83. «Chinese scientists race to develop vaccine as coronavirus death toll jumps». SCMP. 26. januar 2020. Arkivert frå originalen 26. januar 2020. Henta 26. januar 2020. 
  84. Fisher D, Heymann D (February 2020). «Q&A: The novel coronavirus outbreak causing COVID-19». BMC Medicine 18 (1): 57. PMC 7047369. PMID 32106852. doi:10.1186/s12916-020-01533-w. 
  85. Liu K, Fang YY, Deng Y, Liu W, Wang MF, Ma JP, et al. (May 2020). «Clinical characteristics of novel coronavirus cases in tertiary hospitals in Hubei Province». Chinese Medical Journal 133 (9): 1025–1031. PMC 7147277. PMID 32044814. doi:10.1097/CM9.0000000000000744. 
  86. Wang T, Du Z, Zhu F, Cao Z, An Y, Gao Y, Jiang B (Mars 2020). «Comorbidities and multi-organ injuries in the treatment of COVID-19». Lancet (Elsevier BV) 395 (10228): e52. PMID 32171074. doi:10.1016/s0140-6736(20)30558-4. 
  87. Guan WJ, Ni ZY, Hu Y, Liang WH, Ou CQ, He JX, et al. (April 2020). «Clinical Characteristics of Coronavirus Disease 2019 in China». The New England Journal of Medicine (Massachusetts Medical Society) 382 (18): 1708–1720. PMC 7092819. PMID 32109013. doi:10.1056/nejmoa2002032. 
  88. Henry BM (April 2020). «COVID-19, ECMO, and lymphopenia: a word of caution». The Lancet. Respiratory Medicine (Elsevier BV) 8 (4): e24. PMC 7118650. PMID 32178774. doi:10.1016/s2213-2600(20)30119-3. 
  89. Docs tout pill combo. Bangkok Post. Vitja 3. februar 2020
  90. Thai doctors say two drug groups help cure patient. (2. februar 2020). Bangkok Post. Vitja 2. februar 2020
  91. «Spesialrom for coronapasienter klart på OUS», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 18. mars 2020 
  92. «Adam Alsing är död – blev 51 år gammal», Aftonbladet (på svensk), henta 20. april 2020 
  93. «Desperately Seeking Susan actor dies after virus». BBC News (på engelsk). 27. mars 2020. 
  94. Hellem-Hansen, Viktoria L. (28. mars 2020), «Spansk prinsesse (86) død av koronaviruset», NRK (på norsk bokmål), henta 29. mars 2020 
  95. Skuespiller Nick Cordero er død. vg.no. Vitja 6. juli 2020
  96. 96,0 96,1 D'Zurilla, Christie (26. mars 2020). «Terrence McNally, Floyd Cardoz are among celebrities who have died from coronavirus». LA Times. Henta 28. mars 2020. 
  97. Levine, Cecilia (12. april 2020). «COVID-19 Kills Renowned Princeton Mathematician, 'Game Of Life' Inventor John Conway In 3 Days». Mercer Daily Voice (på engelsk). 
  98. Geir Dahl, Tom Lindstrøm, Dag Normann. «Nekrologer» (25. april 2020) Aftenposten. S. 56. «[...] ble han smittet av covid-19-viruset, og livet sto ikke til å redde.»
  99. «Comedian Eddie Large dies with Coronavirus». BBC News (på engelsk). 2. april 2020. 
  100. «Sykehus: Corona-varsler død etter iherdige forsøk på redning», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 9. mars 2020 
  101. Lote, Arve (22. april 2020), «Norges første skyttarprinsesse blei korona-offer – døydde 104 år gammal», NRK, henta 24. april 2020 
  102. Janssen, Mina Ridder-Nielsen; Johansen, Martine (2. april 2020), «Jazzlegende døde av corona», Dagbladet.no (på norsk), henta 2. april 2020 
  103. «Stacy’s Mom songwriter dies at 52 with coronavirus». BBC News (på engelsk). 2. april 2020. 
  104. Coronaviruset: Fra munnbind til munnkurv. Dagbladet. 28. juli 2020
  105. Reading ‘Wuhan Diary’ while quarantined in China stirs heartache for America. Washington Post. Vitja 28. juli 2020
  106. «Hoster opp koronabøker», Klassekampen, henta 6. april 2020 
  107. Moye, David (27. mars 2020). «Bob Dylan Responds to Coronavirus with Song About JFK Assassination». The Huffington Post (på engelsk). Henta 21. juni 2020. 
  108. Slate, Jeff (27. mars 2020). «Bob Dylan's 'Murder Most Foul' Is a 17-Minute New Song About JFK – and Maybe Coronavirus?» (på engelsk). NBC. Henta 21. juni 2020. 
  109. Ravindran, Manori (23 June 2020). «Kristen Stewart, Maggie Gyllenhaal Direct in Pablo Larrain’s Netflix Short Film Collection ‘Homemade’ (EXCLUSIVE)». Variety. Henta 23 June 2020. 
  110. Cremona, Patrick (23 June 2020). «Maggie Gyllenhaal and Kristen Stewart to star in Homemade, Netflix’s collection of lockdown short films». RadioTimes. Henta 23 June 2020. 
  111. Travis, Ben (23 June 2020). «Homemade: Netflix Lockdown Anthology Coming From Paolo Sorrentino, Pablo Larrain, Gurinder Chadha And More». Empire. Henta 23 June 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Koronapandemien