Arthur Rubinstein
- For den russiske komponisten, sjå Anton Rubinstein.
Arthur Rubinstein (fødd Artur Rubinstein, 28. januar 1887–20. desember 1982) var ein polsk pianist, og ein av dei største klassiske pianistane på 1900-talet. Han var særs kjend for sine tolkingar av Chopin og Brahms.
Arthur Rubinstein | |||
Arthur Rubinstein fotografert i 1968. | |||
Fødd | 28. januar 1887 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Łódź | ||
Død | 20. desember 1982 (95 år) | ||
Dødsstad | Genève | ||
Fødenamn | Artur Rubinstein | ||
Opphav | Polen, USA | ||
Sjanger | klassisk musikk | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | klassisk pianist, plateartist | ||
Gift med | Nela Rubinstein | ||
Sambuar med | Annabelle Whitestone | ||
Born | John Rubinstein, Eva Rubinstein, Paul Rubinstein | ||
Prisar | Knight Commander of the Order of the British Empire, Presidentens fridomsmedalje, Grammy Lifetime Achievement Award, Léonie Sonnings musikkpris, Royal Philharmonic Societys gullmedalje, storoffiser av Æreslegionen, Kennedy Center Honors, storoffiser av Santiago av sverdets orden, offiser av Leopoldsordenen, Grammy Award, Knight Grand Cross of the Order of Merit of the Italian Republic, offiser av Santiago av sverdets orden, storkorset av Alfons X den klokes orden, stjerne på Hollywood Walk of Fame, kommandørkors av Ordenen Polonia Restituta, offiser av Ordenen Polonia Restituta |
Karriere
endreArtur Rubinstein vart fødd i Łódź i Polen som den yngste av åtte sysken i ein jødisk familie. Han synte svært tidleg musikalske evner, og kunne spela piano allereie som fireåring. Som barn studerte han piano i Warsawa, før han som tiåring flytte til Berlin for å studera vidare der. Tretten år gamal debuterte han med Berlin Filharmoniske Orkester, og studerte vidare under Karl Heinrich Barth, som sjølv hadde hatt Franz Liszt til lærar.
I 1904 flytte Arthur Rubinstein til Paris, der vart han kjend med Maurice Ravel, Paul Dukas og Jacques Thibaud. Han debuterte i Carnegie Hall i New York i 1906, og reiste deretter på turné i Sambandsstatane, Italia, Austerrike og Russland.
Trass i strålande musikalsk framgang, hamna Rubinstein i både økonomiske og kjenslemessige vanskar. Kreditorane var etter han, og då han vart truga med å bli kasta ut av hotellrommet sitt i Berlin, forsøkte han desperat å hengja seg i 1908.
I 1912 debuterte han i London. Han oppheldt seg mykje der i byen under fyrste verdskrigen. Frå 1916 tok han til å reisa på turné i Spania og Sør-Amerika, til stor suksess. Her tok han til å setja pris på spansk musikk, av komponistar som Enrique Granados, Isaac Albéniz, Manuel de Falla og Heitor Villa-Lobos. Rubinstein opptrådte aldri meir i Tyskland etter 1914, av di han kjende avsky for måten landet hadde opptredd på i fyrste verdskrigen. I staden turnerte han i England i 1919 saman med to songarar, og i 1921 reiste han på turné i USA att.
Ekteskap og alderdom
endreI 1934 gifte han seg med den polske ballerinaen Nela Młynarska, og fekk fem barn med henne. Han hadde fleire kjærleiksforhold også i løpet av dette ekteskapet.
Frå og med andre verdskrigen vart Sambandsstatane midtpunktet i karrieren hans. I løpet av karrieren gjorde Rubinstein ei lang rekkje plateinnspelingar. Rubinstein vart USA-amerikansk innbyggjar i 1946. På midten av 1970-talet byrja synet til Rubinstein å veikna, og han gav sin avskjedskonsert i London i 1976, åttini år gamal. Året etter gjekk han frå kona og gifte seg med den mykje yngre Annabelle Whitestone.
Død og ettermæle
endreI 1982 døydde Rubinstein i Geneve i Sveits, 95 år gamal. Kroppen hans vart kremert, og urna hans gravlagt i Jerusalem eitt år etter dødsfallet. Skogen der grava ligg, heiter i dag Rubinstein-skogen. Den israelske musikkforeininga Arthur Rubinstein International Music Society vart grunnlagt til minne om han.
Arthur Rubinstein vann talrike prisar og utmerkingar. Mellom anna fekk han ei stjerne på Hollywood Walk of Fame, og han vann til saman seks Grammy-prisar, anten åleine eller i samarbeid med andre. Éin av desse er den ærverdige Grammy Lifetime Achievement Award, som han fekk tildelt posthumt i 1994.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Arthur Rubinstein» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2011.