Asbjørn Bryhn

norsk jurist

Asbjørn Johann Bryhn (26. august 190621. januar 1990) var ein norsk jurist og motstandsmann mot den tyske okkupasjonsmakta 1940-1945. Bryhn vart den første sjefen for Overvakningspolitiet etter krigen, frå 1947 til 1966. Bryhn var politimeister i Bergen frå 1966 til han vart pensjonist i 1976.

Asbjørn Bryhn

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. august 1906
Drammen kommune
Død

21. januar 1990 (83 år)
Oslo

Yrke jurist, politimeister
Medlem av Clarté, Mot Dag

Motstandsarbeid endre

Han var medlem av Politigruppa,[1] og deltok i 1943 i organiseringa og bistanden til sabotasjearbeidet som Asbjørn Sunde utførte i Oslo med den sokalla Osvald-gruppa.

I 1941 vart Bryhn oppsagt frå politiet. Han drog til Sverige, og frå 1. oktober 1942 vart Bryhn ein del av administrasjonen som skulle ta seg av dei norske flyktningane som tok seg over grensa til Sverige. Bryhn var tilsett på rettskontoret i Sverige, der han arbeidde med å avsløre uønskte element mellom dei norske flyktningane.

I 1944 vart Bryhn leiar for Rikspolitisjefens etterforskningskontor i London.[2]

Etter krigen endre

I 1954 leia Bryhn etterforskinga mot sin tidlegare sabotasjepartner Asbjørn Sunde, som vart dømd for spionasje til fordel for Sovjetunionen. I september 1965 vart Vilhelm Evang sin skrivar, Ingeborg Lygren, arrestert og sikta for spionasje til fordel for Sovjetunionen. Etter tre månader i varetekt vart ho sett fri og mistanken fråfallen. Denne arrestasjonen førte til at Bryhn slutta i Overvåkningspolitiet og vart politimester i Bergen. Lygren blei forveksla med Gunvor Galtung Haavik, som blei arrestert 27 januar 1977 og sikta for spionasje med ei strafferame på 21 år.

Kjelder endre

  1. Borgersrud, Lars (1949-) (1997). Nødvendig innsats: sabotørene som skapte den aktive motstanden. Universitetsforl. s. 195. ISBN 8200225291. 
  2. Haarstad, Gunnar (1988). I hemmelig tjeneste: etterretning og overvåking i krig og fred. Aschehoug. s. 67. ISBN 8203157513. 

Litteratur endre