Asbjørn Ruud
Asbjørn Ruud (6. oktober 1919–26. mars 1989) var ein skihoppar frå Kongsberg, og yngre bror til Birger og Sigmund. Dei var alle medlemer av Kongsberg IF.
Asbjørn Ruud | |
![]() | |
Fødd | 6. oktober 1919 Kongsberg |
Død | |
Yrke | skihoppar |
Asbjørn Ruud på Commons |
Ruud overraska med å vinne verdsmeisterskapen 1938 i spesielt hopprenn i Lahti. Med 226,4 pong var han 0,3 poeng føre Stanislaw Marusarz frå Polen med landsmannen Hilmar Myhra på bronseplassen. I den fyrste sesongen etter verdskrigen, 1946, vann han både noregsmeisterskapen og Holmenkollrennet. Olympiaåret 1948 vart han på ny noregsmeister og var ein av dei fire norske hopparane som deltok i vinter-OL 1948 i St. Moritz, der han kom på sjetteplassen. Ruud vart same året tildelt Holmenkollmedaljen.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra
- 1938: Gullmedalje i hopprennet under verdsmeisterskapen i Lahti
- 1939: Nr 7 i Holmenkollen
- 1946: Siger i Holmenkollen
- 1947: Nr 3 i Holmenkollen
- 1948: Nr 6 i OL i St. Moritz
- 1951: Nr 7 i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra
- 1946: Gullmedalje i Drammen
- 1947: Nr 4
- 1948: Gullmedalje
- 1949: Nr 6
- 1952: Nr 10 i Porsgrunn
Ruud arbeidde i yngre år i ei sportsforretning på Kongsberg. Seinare flytta han til Oslo, der han dreiv sportsforretning saman med brørne Øyvind og Sigmund Ruud. Asbjørn Ruud var gift med symjaren Berit Haugen. Han døydde i Oslo.
KjelderEndra
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Bokmålswikipedia