Sigmund Ruud

Sigmund Ruud (30. desember 19077. april 1994) var ein norsk skirennar frå Kongsberg som vart verdsmeister i skihopping i 1929 og tok OL-sølv året i førevegen og VM-bronsen året etter. Frå 1930 til -36 vann han 21 meisterskap i ulike skiøvingar i til saman sju land. Han «var den første nordmann satte spor efter seg i internasjonale slalåmrenn».

Sigmund Ruud
Birger Ruud3.jpg
Fødd 30. desember 1907
Kongsberg
Død

7. april 1994 (86 år)
Oslo

Yrke skihoppar, kombinertløpar
Sigmund Ruud på Commons
Sigmund Ruud ca. 1930
Foto: Ukjent/Trondheim byarkiv

Liv og gjerningEndra

Saman med dei yngre brørne Birger og Asbjørn Ruud tok han del i det aktive skimiljøet i fødebyen Kongsberg. Sigmund Ruud utmerkte seg fyrste gongen i 1926 i Holmenkollen, der han delte fyrsteplassen med Erling Amundsen i juniorklassa i skihopping. To år seinare vann han sølvmedaljen i det spesielle hopprennet under vinter-OL 1928 i St. Moritz. Seinare same sesongen vann han Damenes pokal som beste skihoppar under noregsmeisterskapen på ski.

Høpgdepunktet for Ruud kom vinteren 1929, då han vart verdsmeister i skihopping i Zakopane. Året etter tok han si tredje internasjonale hoppmedalje på rad, ein bronsemedalje vunnen i ski-VM i Oslo. Same vinteren vart han bestemann i hopprennet under Holmenkollrenna, og vart tildelt Damenes pokal.

Frå 1930 til -36 budde Ruud i Mellom-Europa, og deltok i fleire opne nasjonale meisterskap på ski. Allereie i 1929 vart han tsjekksik meister i hopp og kombinert, ein prestasjon han gjentok i 1930 og for hoppinga sin del også i 1931. I 1931 sette han verdsrekord med eit hopp på 81 meter i Davos, men vart nummer seks i VM på ski. To vintrar seinare forbetra han verdsrekorden til 83 meter i Villars.

Ruud reiste i 1933 til Romania og vart rumensk meister i kombinert. Også i 1934 deltok han i den rumenske meisterskapen og gjekk til topps i både nordisk kombinert, slalåm og utfor. Visstnok same vinteren vart han ungarsk meister i hopp og slalåm, medan han i 1935 vart fransk meister i utfor og ei kombinasjonsøving som omfatta fire skiøvingar.

Under vinter-OL 1936 i Garmisch-Partenkirchen deltok han for Noreg i den alpine kombinasjonen. Men han stilte einast opp i utforrennet, og fullførte dermed ikkje tevlinga.

Idrettsleiar, motstandsmann, med meirEndra

Ruud var i 1940 med på å skipe Idrettslaget Koll, og var formann for laget frå skipinga til 1944.

25. februar 1943 vart Ruud og broren Birger arrestert for å ha delteke i eit ulovleg skirenn, eit skirenn som vart arrangert som svar på den tyske okkupasjonsmakta si nazifisering av norsk idrett. Dei to brørne sat då i fangeleiren på Grini i Bærum.

Ruud vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1949.

Han var busett i Oslo, der han i mange år dreiv ei sportsforretning i Kirkeveien som han åtte i lag med to av brørne.

KjelderEndra

  • Magnus Breili: Sport i navn og tall, 1971.