Aseret (hebraisk skrift עֲשֶׂרֶת) er ein fellesbusetnad nær Gedera på kystsletta sør i det sentrale Israel. Aseret høyrer til Gederot regionale kommune. Ordet «aseret» tyder ti, og syner til dei ti innbyggjarane frå Bilu som grunnla Gedera.[2]

Aseret
landsby
Namneopphav: Ti (etter ti medlemmar frå Bilu)
Land  Israel
Distrikt Sentral
Kommune Gederot
Koordinatar 31°49′28.56″N 34°44′48.83″E / 31.8246000°N 34.7468972°E / 31.8246000; 34.7468972
Folketal 1 002[1]  (2011)
Grunnlagd 1954
Kart
Aseret
31°49′29″N 34°44′49″E / 31.8246°N 34.746897222222°E / 31.8246; 34.746897222222
Wikimedia Commons: Aseret

Historie endre

Aseret vart grunnlagd i 1954 som eit kommunesenter for Gederot regionale kommune og har framleis denne funksjonen i dag.

Aseret vart bygd på landområdet til Bashshit, ein arabisk landsby i den arabisk-israelske krigen i 1948. Det ligg ei gammal grav ved landsbyen, som i følgje segnet skal høyre til Set, sonen til Adam i Det gamle testamentet.[2] I følgje vitskapsfolk i Palestine Exploration Fund, kjem namnet Bashshit frå Beit Shit, som tyder «huset til Set».[3][4] Grava ligg under ein moské med tre kuplar i ei åsside.[5]

Kjelder endre

  1. «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. s. 437. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  3. Palestine Exploration Fund (PEF), 1838, s. 84.
  4. Palestine Exploration Fund. «Quarterly Statement for 1877». Internet Archive. Henta 6. juli 2015. 
  5. Petersen, Andrew (2002). A Gazetteer of Buildings in Moslem Palestine: Volume I (British Academy Monographs in Archeology). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-727011-0.