Talet 10
10 (ti) er eit naturleg tal som følgjer talet ni og blir etterfølgd av 11.
← 10 11 → | |
Grunntal | ti |
---|---|
Rekkjetal | tiande |
Faktorisering | 2 · 5 |
Divisorar | 1, 2, 5, 10 |
I ulike talsystem | |
Romartal | X |
Binært | 10102 |
Oktalt | 128 |
Duodesimalt | A12 |
Heksadesimalt | A16 |
Det er eit triangulært tal sidan 1 + 2 + 3 + 4 = 10.
Det desimale talsystemet, eller titalssystemet, byggjer på titalet, og er det folk flest bruker i daglegdags rekning. Alle heiltal i dette systemet kan bli ganga med ti ved å leggja til ein null. Ein reknar med at dette talsystemet er blitt så utbreitt av di menneske har ti fingrar.
I SI-systemet tyder prefikset deka- (frå gresk) ti, medan desi- (frå latin) tyder tidels.