Asgeir Almås

norsk politikar

Asgeir Almås (fødd 15. juni 1948) var ordførar i Hattfjelldal i Nordland frå 2000 til 2015. Han representerer Arbeidarpartiet.

Asgeir Almås
Fødd 15. juni 1948 (72 år)
Yrke politikar
Verv Ordførar i Hattfjelldal
Periode 2000–2015
Føregangar Terje Daleng
Etterfylgjar Harald Lie

I lag med ordførarane i Hemnes, Rana og Narvik vart han landskjend i november 2007 då det viste seg at kommunen hadde satsa framtidige kraftinntekter i amerikanske fondsprodukt som Terra Securities selde på vegnar av den amerikanske storbanken Citibank.[1]

ReferansarEndra

  1. «Skulle ha mer enn kommunene». Aftenposten / E24. Arkivert frå originalen 2007-12-25. Henta 12. august 2016.