Ashford i Surrey
Ashford er ein by i Surrey. Han ligg nær grensa til Stor-London, og høyrer til den delen av Middlesex som vart ein del av Surrey i 1965. Byen er nemnt i Domesday Book (1086), og vart truleg grunnlagt i angelsaksisk tid. Det meste av busetnaden er frå mellom 1930 og 1960.
Ashford | ||
---|---|---|
Church Road | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Surrey | |
Distrikt | Spelthorne | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
25 240 | |
Koordinatar | 51°26′N 0°28′W / 51.433°N 0.467°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | TW15 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1784 | |
Byen ligg nær London Heathrow Airport, men er lite plaga av flystøy sidan han ikkje er direkte under flytraséane.
Ashford har alltid har låg arbeidsløyse. Mange av innbyggjarane jobbar på Heathrow, og BP International er ein stor lokal arbeidsgjevar. Det er òg mange som pendlar til London eller stader i Thames Valley.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ashford (Surrey)» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.