Ashtonbreen er ein isbre som er 17 km lang, og som flyt aust-søraust frå Mount Thompson til nordvestsida av Lehrkefjorden, på austkysten av Palmer Land. Isbreen vart fotografert frå lufta i desember 1940 av U.S. Antarctic Service (USAS), og vart truleg sett av landgruppa frå USAS som utforska denne kysten. Ei gruppe som bestod av medlemmar frå Ronne antarktiske forskingsekspedisjon og Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) kartla breen i 1947. Han vart namngjeven av FIDS etter L. Ashton, ein snikkar med FIDS ved Port Lockroy- og Hope Bay-basen i 1944–45 og 1945–46.[1]

Ashtonbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 70°44′S 61°57′W / 70.733°S 61.950°W / -70.733; -61.950
Lengd 17 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Ashtonbreen
70°44′00″S 61°57′00″W / 70.7333°S 61.95°W / -70.7333; -61.95
Ashtonbreen is located in Antarktis
Ashtonbreen (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Ashton Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 2. desember 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ashtonbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).