Asker kyrkje
Asker kyrkje er ei av kyrkjene i Asker kommune i Asker prosti under Oslo bispedøme, innvigd 17. oktober 1879. Kyrkja ligg i nærleiken av Askergardane, som har gjeve namn til både kommunen og administrasjonsstaden i kommunen, som båe heiter Asker.
Asker kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Kommune | Asker | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Oslo | ||
Prosti | Asker | ||
Fellesråd | Asker | ||
Type | Langkyrkje | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Tegl | ||
Innvigd | 1879[1] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 600 | ||
Asker kyrkje 59°50′36″N 10°26′12″E / 59.84333333°N 10.43663889°E | |||
Wikimedia Commons: Asker kirke |
I området kring kyrkja er det fleire store gravhaugar som ber bod om at folket i bygda har samla seg her til kult og høgtid frå gamalt av. Kyrkja vart bygd til erstatning for ei steinkyrkje frå mellomalderen som stod på nett same staden, men som vart rive etter å ha vorte mykje skada ved ein brann 3. mars 1878. Det gjekk soleis ikkje meir enn om lag eitt år å få fjerna dei metertjukke murane etter mellomalderkyrkja og reist den nye kyrkja.
Arkitektur og inventar
endreKyrkja er ei langkyrkje i teglstein med nygotiske stildrag, teikna av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan. Ved seinare ombyggingar har kyrkja vorte mykje endra innvendig; mellom anna er dei opphavlege galleria langs langveggane i skipet fjerna. Men utvendig er det ikkje gjort nemnande endringar sidan kyrkja var ny. Slik kyrkja no er innreidd, har ho 600 sitjeplassar.
Altertavla frå 1724, døypefonten med tilhøyrande himling frå 1715 og preikestolen frå om lag den same tida, har gylt treskurd i barokk stil. Dei stod i mellomalderkyrkja og vart berga ut under brannen i 1879, med større eller mindre skadar. Altertavla har tre felt med skulptur som refererer seg til nattverdssakramentet; i det nedste biletfeltet er det ei framstilling av Kristi siste måltid saman med disiplane før krossfestinga, i feltet over er synt Kristus på krossen, og på toppen av altertavla står den oppståtte Kristus i fri rundskulptur med sigersfana i handa. Figurane er skjært ut i tre og måla.
Dei tre klokkene i kyrkjetårnet er støypte i Dresden i 1878 av Grosse.
Eit kapell med krematorium vart bygd attmed kyrkja i 1961, og i 2000 fekk kapellet eit lite tilbygg med bårehus. Tilbygget er teikna av arkitekt Carl-Viggo Hølmebakk, og vert rekna som eit av meisterverka i moderne norsk arkitektur.
Utanfor kyrkjegardsmuren sør for kyrkja står monumentet «Ei glad mor til ein liten gut», som syner kronprinsesse Märtha med prins Harald på armen. Monumentet er laga av kunstnaren Dyre Vaa etter ei landsomfemnande pengeinnsamling i 1955 som Asker kvinneråd tok initiativet til, av di kronprinsesse Märtha, som døyde i april 1954, hadde vore busett på Skaugum i Asker. Monumentet var ferdig i 1958, men vart likevel ikkje avduka før 28. september 1969, av kong Olav V, som ved eit ynske om å få det sett opp i nærleiken av kyrkja hadde sett sluttstreken for ein årelang lokal strid om plasseringa.
Gravhaugane frå førhistorisk tid i området kring Asker kyrkje
endreI det opne landskapet med dyrka mark og lauvskog som kyrkja ligg i, er det registret ti lokalitetar med godt markerte gravhaugar, (rundhaugar) frå jarnalderen. Mellomalderkyrkja som låg her før den nåverande kyrkja må sjåast i samanheng med desse gravhaugane, ettersom det er vanleg både i Noreg og andre land at det ligg førkristne (heidne) graver attmed eller i nærleiken av mellomalderkyrkjer, eller der det har stått mellomalderkyrkjer.
Asker kyrkje i Canada
endre«Asker kyrkje» er òg namnet på ei kyrkje som vart bygd i Alberta i Canada i 1915 av utvandrarar frå Asker.
Sjå òg
endre- Asker gamle kyrkje, om den tidlegare mellomalderkyrkja.
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre- Om Asker mellomalderkyrkje og Asker kyrkje i Norges kirker.
- Hans Christen Mamen (1979). Kirke og menighet i Asker. Ved Asker kirkes hundreårsjubileum. Asker menighetsråd. ISBN 82-990602-0-6.
- Hans Christian Mamen (1954). Asker kirke ved 75-årsjubileet. Asker menighetsråd.
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Asker kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 699. ISBN 82-7527-022-7.
- Asker kirke på Kyrkjesøk
- Akershus fylkeskommune: Gravhaugene ved Asker kyrkje
- Asker kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Asker kyrkjelyd