Opna hovudmenyen

Asker prosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner Asker kommune og prosten har sete i Asker.

HistorieEndra

Prostiet vart oppretta i 1869.[1] Det bestod frå starten av prestegjelda Vestre Aker og Østre Aker skilt ut frå Oslo Domprosti (då Christiania domprosti), og Asker, Hurum, Lier og Røyken frå Drammen prosti.[1]

TidslinjeEndra

  • 1869 - Prostiet vart oppretta. Femnde frå starten prestegjelda Asker, Hurum, Lier, Røyken, Vestre Aker og Østre Aker.[1]
  • 1894 - Østre Bærum og Vestre Bærum vart skilt ut frå Asker prestegjeld som eigen prestegjeld.[2]
  • 1947 - Hurum, Asker, Lier og Røyken vart overført til Drammen prosti og Vestre Aker og Østre Aker vart del av Oslo Domprosti att.[1]
  • 1961 - Namnet vart endra til Asker og Bærum prosti.[1]
  • 1968 - Holmen prestegjeld og sokn vart skilt ut frå Asker prestegjeld sokn.[2]
  • 1975 - Østenstad prestegjeld og sokn vart skilt ut frå Asker prestegjeld og sokn.[2]
  • 2000 - Vardåsen sokn vart skilt ut frå Asker sokn.[2]
  • 2002 - Prostiet vart delt i to; Asker prosti og Bærum prosti.[1]
  • 2004 - Den norske kyrkja byrja fase ut prestegjeldsordninga.

SoknEndra

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Asker kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje Kyrkjeleg fellesråd
Asker sokn Asker kyrkje Asker
Heggedal sokn Heggedal kyrkje Asker
Holmen sokn i Asker Holmen kyrkje i Asker Asker
Vardåsen sokn Vardåsen kyrkje Asker
Østenstad sokn Østenstad kyrkje Asker

PrestegjeldEndra

Prestetensta var tidlegare organisert lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Asker prosti desse prestegjelda:

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 ««Asker og Bærum prosti»». Arkivverket Statsarkivet i Oslo, arkivportalen.no. Henta 16. mars 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 ««Asker prestekontor»». Arkivverket Statsarkivet i Oslo, arkivportalen.no. Henta 16. mars 2014. 

BakgrunnsstoffEndra

Koordinatar: 59°50′36″N 10°26′11″E