Oslo bispedømme

(Omdirigert frå Oslo bispedøme)

Oslo bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Bispesetet er i Oslo med Oslo Domkyrkje. Biskop er Ole Christian Mælen Kvarme.

Oslo Domkyrkje

Bispedømet femner prostia i Oslo fylke og i Asker og Bærum kommunar i Akershus fylke og det landsomfattande Døveprostiet.

Historie

endre

Oslo bispedømme er eit av dei fem opphavlege bispedømma i Noreg. Det vart oppretta kring 1070.[1]

Biskopar etter reformasjonen

endre

1541-1545 Hans Rev
1545-1548 Anders Madssøn
1548-1580 Frants Berg
1580-1600 Jens Nilssøn
1601-1607 Anders Bendssøn Dall
1607-1617 Niels Senning
1617-1639 Niels Simensen Glostrup
1639-1646 Oluf Boesen
1646-1664 Hennings Stockfleth
1664-1699 Hans Rosing
1699-1712 Hans Munch
1713-1730 Bartholomæus Deichman
1731-1737 Peder Hersleb
1738-1758 Niels Dorph
1758-1773 Fredrik Nannestad
1773-1804 Christian Schmidt
1805-1822 Fredrik Julius Bech
1823-1845 Christian Sørensen
1846-1874 Jens Lauritz Arup
1875-1893 Carl Peter Essendrop
1893-1896 Fredrik Wilhelm Klumpp Bugge
1896-1912 Anton Christian Bang
1912-1922 Jens Frølich Tandberg
1922-1937 Johan Lunde
1937-1951 Eivind Berggrav
1951-1968 Johannes Smemo
1968-1973 Fridtjov Birkeli
1973-1977 Kaare Støylen
1977-1998 Andreas Aarflot
1998-2005 Gunnar Stålsett
2005-2017 Ole Christian Kvarme

Prosti

endre

Oslo bispedømme har følgjande prosti:

Oslo domprosti
Søndre Aker prosti
Østre Aker
Nordre Aker prosti
Vestre Aker prosti
Bærum prosti
Asker prosti
Døveprostiet

Fellesråd

endre

Bispedømmet har har følgjande fellesråd:

Bærum
Asker
Oslo
Døvekirkenes fellesråd

Fotnotar

endre
  1. Vidar Kristensen, red. (2009). «Oslo bispedømme». Årbok for Den norske kirke 2009. Oslo: Kirkens informasjonstjeneste. s. 119. ISBN 978-82-7545-081-2. 

Bakgrunnsstoff

endre