Trøgstad kommune

tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg

Trøgstad kommune er ein tidlegare norsk kommune i Østfold fylke. Han låg mellom innsjøane Øyeren og Hemnessjøen, og grensa til Spydeberg i vest, Askim i sørvest, Eidsberg i sør, og til tre kommunar i Akershus: i nordvest Enebakk, i nord Fet og Aurskog-Høland i aust. Administrasjonssenter i kommunen var Skjønhaug. 1. januar 2020 blei han del av Indre Østfold kommune.

Trøgstad kommune
kommune
Utsyn over Øyeren og Sandstangen i Trøgstad.
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Østfold
Adm.senter Skjønhaug
Areal 204 km²
 - land 188 km²
 - vatn 16 km²
Målform bokmål
Ordførar Svend Saxe Frøshaug (Sp[1])
Kommunenr. 0122
Kart
Trøgstad kommune
59°39′05″N 11°20′23″E / 59.651388888889°N 11.339722222222°E / 59.651388888889; 11.339722222222
Wikimedia Commons: Trøgstad
Nettstad: www.trogstad.kommune.no

Geografi endre

 
Trøgstad mellomalderkyrkje i Skjønhaug
Foto: Hans A. Rosbach

Landbruk er vanleg i Trøgstad og kulturlandskap preger mykje av kommunen. Berggrunnen i er samansett av grunnfjellsgneis som er dekt med marine leiravsetjingar i dei vestlege strøka sør og aust for Øyeren. Leirslettene der er tydeleg oppskorne av bekkar og elvar, og området har vore utsett for ras fleire gonger. Det finst òg rikelege lausavsetjingar lenger aust ved Hersætersjøen og Grefslivann. I kommunen elles er det hovudsakleg skogkledde åsar på høgder opp til 332 moh. Ein større endemorene demmer opp Øyeren i sørenden og sender Glomma vestover, der elva dannar Mørkfoss som no er oppdemt i samband med Solbergfoss kraftverk.

Busetnaden er jamt fordelt i jordbruksområda med dei tre tettstadene Skjønhaug, Heiås lenger nord i bygda og Hamnås i søraust, mens det er tynnare busetnad i dei nordaustre skogområda. Folkemengda i kommunen har vakse sia 1970-åra.

Næringsliv endre

Jordbruk er ein viktig næringsveg i Trøgstad, der jordbruksareala er konsentrerte rundt dei vestlege og sentrale områda med dei rikaste lausavsetjingane. I 1999 vart om lag 32 % av det totale arealet i kommunen nytta til jordbruk, og av dette jordbruksarealet vart nesten 4/5 brukt til åker og hage, brorparten av dette til korn og erter. Husdyrhaldet er relativt stort, og Trøgstad er blant dei største kommunane i Østfold når det kjem til hønsehald, storfehald og svinehald. Industrien er heller liten og femner næringsmiddelindustri med kornsilo og mølle, verkstadindustri og trevare- og møbelindustri. Om lag 60 % av dei yrkesaktive hadde i 2001 arbeid utanfor kommunen.

I sommarhalvåret opplever Trøgstad stor gjennomgangstrafikk av bubilar og andre bilturistar.

Symbol endre

Kommunevåpenet til Trøgstad vart godkjent i 1979. Det synar på grøn botn ein smieste i sølv og symboliserer handverktradisjonar.

Kommuneblomen til Trøgstad var soldogg.

Trøgstinger, folk frå Trøgstad endre

Kjelder endre

  1. «Trøgstads nye ordfører klar». NRK Østfold. 18. september 2017. Henta 13. oktober 2017. 
  2. «Til topps: Instagram-poet selger mest bøker i Norge», vg.no (på norsk bokmål), 4. mai 2019 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Trøgstad kommune