Askja er ein stratovulkanIsland. Han ligg på Det islandske høglandet og namnet referer til ei rekkje kalderaer rundt fjellkjeda Dyngjufjöll. Fjellet har ei høgd på 1 516 moh.

Askja
vulkan
Askjakalderaen i 1984
Land  Island
Vulkantype Stratovulkan
Fjellkjede Dyngjufjöll
Høgd 1 516 moh.
Siste utbrot 1961
Koordinatar 65°02′N 16°45′W / 65.033°N 16.750°W / 65.033; -16.750
Kart
Askja
65°02′N 16°45′W / 65.03°N 16.75°W / 65.03; -16.75
Wikimedia Commons: Askja (central volcano)

Området er berre tilgjengeleg eit par månadar i året. Det ligg i regnskuggen nordaust for isbreen Vatnajökull og får berre om lag 450 mm nedbør i året. Området vart nytta til å trene astronautar under Apollo-programmet for forhold på Månen.

Askja var så godt som ukjend fram til eit kraftig utbrot som starta 29. mars 1875. Særleg i dei austlege fjordane på Island var oskefallet så kraftig at det forgifta landet og tok livet av buskapen. Utbrotet førte til auke emigrasjon frå Island. Det siste utbrotet til Askja kom i 1961.

Den ytre kalderaen til Askja er frå eit førhistorisk utbrot og er om lag 45 km², og det er spor av seinare hendingar som har danna nyare kalderaer innanfor det største. Botn av hovudkrateret ligg om lag 1 100 meter over havet.

Öskjuvatn er ein stor innsjø som fyller mykje av den mindre kalderaen som vart skapt etter utbrotet i 1875. Overflata ligg 50 meter lågare enn botn til hovudkrateret og dekkjer eit areal på 12 km². Då innsjøen vart danna var han varm, men er i dag stort sett fryst til det meste av året. Öskjuvatn er den djupaste innsjøen på Island med eit djup på 220 m.

Viti er eit mindre eksplosjonskrater på nordaustsida av Öskjuvatn og har ein diameter på om lag 100 meter. Han inneheld ein geotermisk innsjø med mineralrikt, svovelhaldig ugjennomsiktig blått vatn med fin temperatur for ein symjetur. Víti vart danna under utbrotet i 1875.

I 1907 forsvann dei tyske forskarane Walter von Knebel og Max Rudloff då dei vitja Askja for å studere kalderaen. Medan dei utforska Öskjuvatn i ein liten båt forsvann dei utan spor. Ein ekspedisjon for å finne dei gav ingen resultat.

I fjella Dyngjufjöll rundt Askja ligg det imponerande Drekagil, drakane sitt gjel. Ikkje langt frå Askja ligg to andre vulkansystem, Herðubreið og Kverkfjöll.

Askja er ein populær turistdestinasjon. Det ligg to fjellhytter og ein campingplass ved Dreki og Drekagil, som ligg om lag 100 km langs ein grusveg bort frå hringvegur, den islandske ringvegen. Ein kan klatre 8 km opp frå Dreki til Askjakalderaen.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Askja