Atløyna
Atløyna er ei øy i Askvoll kommune i Vestland, nord for Vilnesfjorden ved munningen av Dalsfjorden. Arealet er 37,7 km². Atløyna er tilknytt fastlandet med ferjesamband frå Gjervik ferjekai aust på øya.
Atløyna | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Sunnfjord |
Koordinatar | 61°20′38″N 04°56′34″E / 61.34389°N 4.94278°E
|
Areal | 37,7 km²
|
Høgaste punkt | Skredvarden (636 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland |
Største busetnad | Hærland
|
Demografi | |
Folketal | 438 (2023) |
Folketettleik | 11,6 /km² |
Kyrkja på Atløyna er frå 1674 og vart bygd etter at den tidlegare kyrkja brann ned etter eit lynnedslag i 1673. Det vert sagt at då dei grov opp golvet i den gamle kyrkja fann dei mange skjelettrestar frå menneske. Ein rekna med at desse var frå ei vikinggrav.
På sørsida av Atløyna ligg fjellknausen Brurestakken, som er eit landemerke og utsiktpunkt.
Geologi
endreBerggrunnen består av folda lag av gneis frå slutten av prekambrium og metasediment frå silur. Sedimenta er avsett direkte på grunnfjellet og har seinare gjennomgått metamorfose og folding. Bergartane vart danna under den kaledonske orogenesen.
Folketalsutvikling
endre1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2023[3] |
---|---|---|---|
295 | 523 | 482 | 438 |
Sjå og
endreKjelder
endre- ↑ Folketeljing 1801 for Askvoll prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Askvoll herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
- Askheim, Svein. (28. januar 2012). Atløy: geologi. I Store norske leksikon. Henta 8. februar 2014.