Askvoll-Fure-Værlandet

fergesamband i Vestland

Askvoll-Fure-Værlandet er eit ferjesamband over Vilnesfjorden og Aldefjorden mellom Askvoll og Værlandet i Askvoll kommune. Mange av turane går innom Fure, men ofte må avgangane til og frå Fure førehandstingast, sjå Skyss.

Askvoll-Fure-Værlandet
Rutenummer1141 (Skyss)
TraséAskvoll-Fure-Værlandet
RuteformTrekantsamband
RutenettFylkesvegferjer i Vestland
ForvaltarSkyss
TrafikkselskapFjord 1 Fylkesbaatane
Oppretta1989
Tidlegare traséAskvoll-Fure-Værlandet-Bulandet
Kart
ferjesambandet Askvoll–Gjervik–Fure–Værlandet
61°18′30″N 4°55′00″E / 61.308333333333°N 4.9166666666667°E / 61.308333333333; 4.9166666666667

Strekninga Askvoll ferjekai - Fure ferjekai - Værlandet ferjekai inngår i fylkesveg 5655 medan direkteruta Askvoll - Værlandet inngår i fylkesveg 5662. Sambandet er operert av Fjord1 med ferja MF «Nordfjord».

Ferjesambandet vart til i 1989 mellom Askvoll, Værlandet og Bulandet, og i samband med dette vart det bygd nye ferjekaier på Værlandet og Bulandet for å ta i mot havferjene «Nesøy» og «Værøy». Avgangen til Bulandet vart ofte innstilt grunna uvêr. I 2003 opna Nordsjøvegen - ny fylkesveg som knytte Bulandet til Værlandet og Værlandet ferjekai. Med dette vart Bulandet ferjekai sløyfa frå ferjesambandet.

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre