Aslak Anders Persen Tornensis
Aslak Anders Persen Tornensis (fødd 1965 i Masi) er ein norsk økonom[1] og tidlegare lokalpolitikar for Høgre. Han vart vald til varaordførar i Kautokeino kommune den 31. oktober 2003[2] og hadde vervet til han søkte om fritak og fekk det på sommaren i 2006.[3][4] Han hadde då hatt permisjon sidan tidleg i januar same året etter å ha vorte sikta for seksuell omgang med mindreårig.[5] Tornensis vart sidan tiltalt for handlingane[6] og dømd til fengselsstraff.[7][8]
Aslak Anders Persen Tornensis | |||
Fødd | 1965 (59 år) Masi | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Verv | Varaordførar i Kautokeino 2003–2006 | ||
Etterfylgjar | Anton Dahl |
Varaordførar i Kautokeino
endreAslak Anders Tornensis vart innvald som einaste representanten frå Høgre i kommunestyret i Kautokeino ved kommunevalet i 2003. Før konstitueringsmøtet hadde Høgre i Kautokeino inngått skriftleg avtale med Venstre om å stemme på deira kandidat i ordførarvalet. Då Tornensis fekk tilbod om vervet som varaordførar mot å stemme på ordførarkandidaten til Samefolkets Parti valde han å bryte den skriftlege avtalen, og det vart fleirtal for Klemet Erland Hætta som ordførar og Tornensis som varaordførar.[1] Leiaren for Kautokeino Høgre gjekk etterpå ut og sa at det som hadde skjedd var skuffande.[9]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Kjempet til fløyta gikk». Finnmark Dagblad. 4. november 2003. Henta 17. november 2011.
- ↑ Møteprotokoll Kautokeino kommunestyre[daud lenkje]
- ↑ «Varaordfører tilstår overgrep». Nettavisen. 2. august 2006. Henta 17. november 2011.
- ↑ «Dahl ny varaordfører». Finnmark Dagblad. 23. oktober 2006. Henta 17. november 2011.
- ↑ «Tar permisjon etter sex-siktelse». NRK Nordnytt. 5. januar 2006. Henta 17. november 2011.
- ↑ «Innrømmet sex med mindreårig». Dagbladet. 18. desember 2006. Henta 17. november 2011.
- ↑ «6 månader for sex-misbruk». NRK Nordnytt. 3. januar 2007. Henta 17. november 2011.
- ↑ «Fikk strafferabatt». NRK Sápmi. 24. juli 2007. Henta 17. november 2011.
- ↑ «Dramatisk ordførervalg i Kautokeino». NRK Finnmark. 1. november 2003. Henta 17. november 2011.