Klemet Erland Hætta

Klemet Erland Hætta (fødd 2. februar 1973) er tidlegare ordførar i Kautokeino kommune for Samefolkets parti. I perioden 2005-2009 var han sametingsrepresentant for Norske Samers Riksforbund, og i dei to føregåande periodane var han vararepresentant. Han var innvald frå Kautokeino valkrins. I 2017 kom han inn på Sametinget att, som fast møtande representant for Aili Keskitalo, som er sametingspresident. Der er han medlem i plan- og finanskomitéen.

Klemet Erland Hætta

Fødd2. februar 1973
Statsborgar avNoreg
PartiNorske Samers Riksforbund
Yrkepolitikar
VervOrdførar i Kautokeino 2003-2015
FøregangarJan Ole Buljo
EtterfylgjarJohan Vasara
Alle verv
  • sametingsrepresentant (2005–2009)
  • ordførar i Kautokeino (2003–2015)
  • vararepresentant til Stortinget (2021–) Sjå dette på Wikidata

Hætta er busett i Masi[1] og jobbar som direktør ved Studentsamskipnaden i indre Finnmark.[2]

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.