Kviteseid
Kviteseid, også kalla Kviteseidbyen, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Kviteseid kommune i Vestfold og Telemark fylke. Somme av dei regionale funksjonane i Vest-Telemark er plassert i Kviteseid, for eksempel Vest-Telemark tingrett.
Kviteseid | |||
tettstad | |||
Statens hus i Kviteseid, som huser kommuneadministrasjon og domstol
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold og Telemark | ||
Kommune | Kviteseid | ||
Areal | 1,31 km² | ||
Folketal | 780 (2017) | ||
Folketettleik | 595 / km² | ||
Postnummer | 3850 KVITESEID | ||
Innbyggjarnamn | kvitseiding | ||
Preposisjon | i Kviteseid | ||
![]() Kviteseid | |||
Wikimedia Commons: Kviteseidbyen | |||
HistorieEndra
- I 1723 flytta sorenskrivaren i Vest-Telemark frå Lårdal til Kviteseid, og den dag i dag er her tingstad.
- I 1871 blei Kviteseid bryggje (før kalla Kyrkjebøbryggja) utbygd for dampskipstrafikken som hadde starta på Vestvatna i 1852. Brygga vart ytterlegare utvida i 1894 og 1912.
- I 1892 vart Bandak-Norsjøkanalen opna og trafikken. Det blei starten for eit snøgt oppveksande byliknande lite samfunn, som på folkemunne blei kalla Hyttebyen fordi husa var små og tettliggande.
- I 1911 brann heile byen ned. Før han blei gjenreist blei staden regulert med breie gater, slik att husa ikkje skulle stå så tett som tidlegare, og dermed minke brannfaren.
FolketalsutviklingEndra
Folketalsutvikling i Kviteseid | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1890 | 124 | |||
1900 | 140 | |||
1910 | 116 | |||
1920 | 132 | |||
1930 | 169 | |||
1946 | 196 | |||
1950 | 139 | |||
1960 | 160 | |||
1970 | 339 | |||
1980 | 930 | |||
1990 | 786 | |||
2000 | 646 | |||
2009 | 696 | |||
2012 | 689 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar |
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- Kviteseid – tettsted SNL. Vitja 21. juli 2010Denne geografiartikkelen som har med Vestfold og Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.